Hopp til innhold

Unge bønder skal på kurs for å takle einsemd

Bonde Hildegunn Gjedrem Pavlica (36) føler seg ofte åleine med vanskelege spørsmål på jobb. Ifølge Bondelaget er psykisk helse tabu blant bønder.

Hildegunn Pavlica

– Det er ikkje som å gå på eit kontor der du treff 20 kollegaer kvar dag, seier Hildegunn Gjedrem Pavlica om bondeyrket i Bjerkreim i Rogaland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Bondeyrket er i sin natur eit veldig einsamt yrke. Du jobbar stor sett åleine. Mangelen på menneskeleg kontakt er stor blant mange, fortel bonde Hildegunn Gjedrem Pavlica.

36-åringen overtok familiegarden i Bjerkreim i Rogaland i januar 2017, og investerte 6,5 millionar kroner i splitter nytt mjølkefjøs.

Sjølv om ho driv garden saman med ektemannen, føler ho seg ofte einsam på jobb.

– Det er ikkje som å gå på eit kontor der du treff 20 kollegaer kvar dag. Det kan også dukka opp spørsmål hos meg om dette er eit problem berre eg har, og om det er eg som ikkje strekkjer til. I dei tilfella føler eg meg ganske åleine.

Hildegunn Pavlica

Hildegunn Gjedrem Pavlica overtok familiegarden i Bjerkreim i januar 2017, og investerte 6,5 millionar kroner i splitter nytt mjølkefjøs.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Konsekvensane kan vera store

Ein ny studie det nasjonale forskingssenteret Ruralis har gjort for Mental Helse Ungdom viser at 27 prosent av unge bønder aldri samarbeider med andre gardbrukarar. 21 prosent rapporterer at dei ofte føler seg einsame.

– Dette veit me er dårleg nytt for den psykiske helsa til unge bønder, seier Ivar Erik Ree i Mental Helse Ungdom.

Han er prosjektleiar for samarbeidsprosjektet «Unge bønders psykiske helse» (sjå fakta). Gjennom prosjektet som blir lansert på verdsdagen for psykisk helse onsdag 10. oktober, skal bønder på kurs for å læra om psykisk helse.

– Bønder skal gjerne vera hardføre og greia alt sjølv. Men me veit at ingen meistrar alt sjølv. Me veit også at når krisa skjer, spesielt for dei som driv med dyr, kan konsekvensane vera store, seier Ree.

– Psykisk helse er tabu

Mental Helse Ungdom håpar prosjektet bidrar til meir openheit om psykisk helse i norsk landbruk. Norges Bondelag er blant bondeorganisasjonane som er med.

Lars Petter Bartnes

Lars Petter Bartnes er leiar i Norges Bondelag.

Foto: Norges Bondelag

– Me veit at undersøkingar har vist at den fysiske helsa blant bønder er ganske god. Men det er eit tabu å snakka om psykisk helse, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes.

Tørke- og fôrkrisa i landbruket har gjort denne hausten ekstra tøff for mange bønder. For bjerkreimsbonden Hildegunn Gjedrem Pavlica blei grovfôr-avlingane i sommar halverte.

I fjor opplevde ho det stikk motsette til tørke då all nedbøren førte til at markene stod under vatn. Ho har merka det på nattesøvnen.

– I dei mørkaste stundene er det vanskeleg å finna motivasjon og trua på at det går greitt.

Nå er bonden glad for at psykisk helse blir sett på dagsorden blant bønder.

– Kyrne legg ikkje merke til at du er på veg nedover. Å opna opp for å snakka om ting som er vanskelege og laga ein kultur der det er greitt å visa svakheit, er noko me treng.

Bjerkreim etter Synne

Slik såg det ut i Bjerkreim då ekstremvêret «Synne» hadde herja ferdig i desember i 2015. Kommunen er svært flaumutsett, noko bonde Hildegunn Gjedrem Pavlica også fekk merka i fjor.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK