Hopp til innhold

Fleire personar tekne etter knivstikking

To menn er frakta til sjukehus med alvorlege skader etter å ha blitt knivstukne i Stavanger. Politiet trur knivstikkinga skjedde etter to gjengar barka saman på ein bensinstasjon.

Knivstikking i Stavanger

Det skal ha vore fleire personar med fleire nasjonalitetar samla utanfor Shell-stasjonen i Løkkeveien i Stavanger før to menn blei knivstukne.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Klokka 19.15 fekk politiet i Stavanger melding om at to personar hadde blitt knivstukne ved Shell-stasjonen i Løkkeveien i Stavanger sentrum.

Dei to skal vera alvorleg skadde og under behandling på Stavanger universitetssjukehus ifølgje politiet.

Fleire personar og nasjonalitetar

– Me veit ikkje kva som har skjedd, men det er truleg fleire personar og fleire nasjonalitetar involvert, sa operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Tor Helge Stavik like etter hendinga.

Klokka 20.40 melder dei at det truleg er snakk om to gjengar som har utøvd vald mot kvarandre.

Politiet har teke fleire personar inn til politihuset, men søker framleis etter folk som var involvert i hendinga.

– Det er framleis uavklart kva rolle dei me har teke inn har hatt i hendinga, seier Stavik.

To menn er frakta til sjukehus med alvorlege skader etter å ha blitt knivstukne i Stavanger.

Innsatsleiar Kim Flakstad etter knivstikkinga i Løkkeveien i Stavanger.

Ein person teken

Vitne skal ha sett fleire personar løpa frå åstaden etter hendinga.

Knivstikkinga skjedde på ein Shell-stasjon, og politiet har sperra av området for å sikra spor. Mellom anna overvakingsbilete.

Samstundes leiter dei nå etter folka som sprang frå staden.

NRK får opplyst av politiet på staden at dei søker etter to namngitte personar som skal ha vore vitne til hendinga.

Ny knivstikking i Stavanger

Klokka 21.04 fekk politiet i Stavanger inn melding om ny knivstikking i Stavanger. Denne gong på Tjensvoll. Ein mann er skadd og blir teken hand om av helsepersonell.

Politiet er raskt ute med å slå fast at det ikkje er samanheng mellom dei to knivstikkingsepisodane.

Dei leiter nå etter det som skal vera ein kjent gjerningsmann etter Tjensvoll-knivstikkinga.

Sikra spor

Politiet skal ha sikra seg gode spor i saka.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK