NRK Meny

To 16-åringar tatt for bilkøyring


To 16 år gamle gutar er stansa med kvar sin bil i nærleiken av Haugesund i løpet av natta. Den første vart teken i ein stolen bil litt etter klokka 2 i Haugesund. Politiet oppdaga han etter at han hadde køyrd bilen ned i ei buss-sluse. Han vart avhøyrd på politistasjonen. Litt før klokka fire vart ein annan 16-åring stansa på Vormedal. Han hadde teke bilen til pappa. Politiet melde han og overlèt han til mor. Dei to kjenner kvarandre, opplyser politiet.