Hopp til innhold

– Noko av det verste eg har sett

Dette bilete får leiaren i Byggemesterforbundet til å reagera kraftig. Her kjem han med fem tips til riktig bruk av stige.

Bruk av stige

JÆREN: Eit eksempel på svært kreativ bruk av stige på Jæren i sommar. NRK har fått løyve til å publisera bilete.

Foto: Privat

Det finst ingen reglar for korleis privatpersonar bruker stige når dei skal halda ved like sitt eige hus, men det kan likevel vera lurt å tenka på tryggleiken.

Karl W. Sandvig er dagleg leiar i Byggemesterforbundet Rogaland, han reagerer kraftig når han får sjå to bilete som syner eksempel på kreativ stigebruk. Dette er bilete som har versert på sosiale medium dei siste dagane.

– Dette er rein og skjær galskap, seier Sandvig om bileta.

Bruk av stige

TO STIGAR OG EI KJELLARTRAPP: Dette bilete er eit par år gamalt. Også dette er frå Jæren, og NRK har fått løyve til å publisera det.

Foto: Privat

– Rein og skjær galskap

– Det er folk som er gode på stigebruk, og folk som ikkje er gode. Desse bileta er noko av det verste eg har sett. Dei risikerer livet sitt, seier han.

Med bakgrunn i dette, og andre ting han sjølv har sett, meiner han at det i aller høgste grad er på sin rette plass å koma med eit par tips for trygg stigebruk i sommar.

– Først må eg understreka at du har lov til å gjera kva du vil som privatperson når du jobbar på ditt eige hus. Det er ein sjølv som er ansvarleg for liv og helse, men feil bruk kan i verste fall få fatale konsekvensar, seier Sandvig.

På arbeidsplassar er det strengare. Her får ein ikkje jobba frå stige dersom det er åtte meter eller høgare.

Tips for trygg bruk av stige:

  1. Alle jobbar er ikkje for stige: – I hovudsak vil eg berre råda folk til å bruka stige dersom dei har ein einebustad på ein etasje. Skal ein høgare er det beste å bestilla stillas. Då får ein mykje betre og tryggare arbeidsforhold.
  2. Pass på å sikre godt: – Det er viktig å sikra nede slik at stigen ikkje skal skli ut. Bruk til dømes eit tau til dette. Dersom ein skal høgt opp med stigen bør du også sikra den oppe. Det kan du gjera med tau gjennom eit vindauge eller ein krok.
  3. Ikkje for stor helling: – Stigen må ikkje stå alt for mykje på skrå. Ein vinkel på rundt 75 grader er passe.
  4. Ikkje strekk deg langt ut til sidene: – Flyttar ein tyngdepunktet alt for langt ut høgt oppe i ein stige kan du risikera at den sklir ut til sidene.
  5. Ein meter over takkant: La stigen stikka minst ein meter over takrenna. Dette er ein regel på arbeidsplassar, men også eit godt råd for private.

Så kva skulle folka på bilete gjort? Sandvig meiner dei burde gått for stillas.

Ingen av personane på bileta vil stå fram med namn, men NRK har snakka med dei, og dei meiner sjølv at dei har brukt stigane forsvarleg.