Hopp til innhold

Tips i GHB-saka

Politiet har fått tips om fleire konkrete personar som kan ha forsynt ungdom i Sandnes med det narkotiske stoffet GHB.

 

 

Natt til laurdag måtte sju personar i alderen 15-23 år, ha behandling etter å ha tatt overdosar av GHB. 

Fleire av dei sju hadde vore innom utestaden Cats i Sandnes.

- Men det er ikkje noko som tyder på at dei tilhøyrer same miljø, seier  politioverbetjent Finn Rødland.  

 

GHB andre stader i landet

I helga er det tatt GHB-overdosar også på Sunnmøre og på Austlandet.  Rødland ser ikkje vekk frå at det kan vera ein samanheng.   Politiet vil i løpet av dagen ta kontakt med politiet dei andre stadene i landet der GHB har vore eit problem i det siste.

Kan vera tilfeldig

- Me har ikkje mottatt signal på at GHB i større grad enn før er på veg inn i miljøet i Sandnes, seier Rødland. Han trur derfor det kan vera tilfeldigheter, som gjer at sju personar blei behandla for overdose på ei natt.  Men saka blir nå etterforska vidare for å finna ut kven som leverte stoffet.