Hopp til innhold

– Han har alltid sagt at han snakkar sant

Den rettsmedisinske kommisjonen har konkludert med at ein av dei sikta i Tina-saka kan ha snakka sant om at han var der då Tina Jørgensen blei drepen i 2000. Det melder TV2.

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup er forsvarar for den sikta 37-åringen i Tina Jørgensen-saka, som har erkjent at han var til stades då ho blei drepen i 2000.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Kva betyr dette for saka?

– Det betyr ikkje meir enn at politiet framleis må etterforska saka og søka på reint objektivt grunnlag for å bekrefta eller avkrefta forklaringa hans.

Det seier Odd Rune Torstrup, som er forsvarar for 37-åringen, som i fjor var hovudgrunnen til at politiet tok opp att drapssaka på Tina Jørgensen frå 2000.

Sa at han var til stades då ho blei drepen

På eit lydopptak, som var gjort av han, snakka han om at han var til stades då Tina Jørgensen blei drepen. Ein tipsar gav opptaket til politiet.

Det var overraskande for mange då dei sikta blei lauslatne i oktober og sakkunnige kort tid etter meinte at 37 åringen hadde falske minner, og altså forklarte seg om noko som ikkje hadde skjedd.

Allereie i februar kunne NRK fortelja at rettskommisjonen var kritiske til denne rapporten, og i dag skriv altså TV2 at dei har konkludert med at 37-åringen kan ha snakka sant.

– Min klient har heile vegen sagt at han ikkje har falske minner og at han snakkar sant. Det har han stått fast ved og det står han framleis fast med, seier Torstrup etter å ha fått tilgang til rapporten.

Rapport sladdet

Dette er rapporten som konkluderte med at 37-åringen hadde falske minner.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Ikkje overraskande

Herdis Cathrine Traa

Herdis Traa er politiadvokat og skal snart senda innstillinga si i Tina-saka til påtalestyresmaktene.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Torstrup meiner framleis at den viktigaste jobben for politiet er å finna ut om dei fire sikta sørlendingane faktisk var i Stavanger den aktuelle helga for 15 år sidan.

Politiadvokat Herdis Traa seier til NRK at dei ikkje vil kommentera innhaldet i den nye rapporten, men seier likevel:

– Dette kom ikkje overraskande på oss. Politiet har vore kjende med dette, og me held fram etterforskinga som før.

Politiet held altså fram etterforskinga til innstillinga i saka etter kvart blir sendt til statsadvokaten. Dei ventar framleis svar frå Folkehelseinstituttet om eit hårstrå i saka, og skal også sjekka videoopptak frå Stavanger sentrum.