Hopp til innhold

Ukraina-krigen gjorde at politikarane snudde i kampen om matjord på Jæren

Ukraina-krigen og ei potensiell global matkrise gjorde at lokalpolitikarane på Jæren snudde i striden om 200 dekar av den beste matjorda i landet.

Matjord Jæren

Om lag 40 demonstrantar møtte opp før kommunestyret i Time tysdag ettermiddag. Dei fekk viljen sin.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Me er fornøgde med at kommunestyret har tatt jordvern på alvor og sett foten ned. I dag har jordvernet sigra, seier kommunestyrepolitikar Geir Pollestad (Sp).

I Time kommune på Jæren har dragkampen om to hundre mål matjord på Re og Svertingstad tilspissa seg den siste tida.

Kampen har stått mellom dei som vil legga ned matjord til fordel for handel og industri og dei som vil bevara matjorda – midt i eit av landets beste landbruksområde.

– Debatten i dag var sterkt prega av situasjonen me er i med ei kommande matvarekrise og krigen i Ukraina. Me er fornøgde fordi me har jobba for å stoppa denne nedbygginga i land tid, seier Pollestad.

Matjorda det har vore strid om ligg sør for Bryne i Rogaland.

Lytta til statsråden

Tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) viser at 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar jord er blitt bygd ned sidan andre verdskrig.

Det tilsvarar til tre gonger arealet av Oslo.

Sist onsdag sende landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) eit brev til alle kommunar i Noreg med beskjed om å ta vare på matjorda.

Tysdag kveld lytta altså Time kommunestyre til statsråden.

Fleirtalet gjekk overraskande inn for eit fellesforslag frå Sp, SV og MDG.

Resultatet blei nei til å legga 200 dekar matjord på Re og Svertingstad inn i det store handels- og industriområdet Håland, sør for Bryne.

Re og Svertingstad

Time-ordførar Andreas Vollsund (H) og Geir Pollestad (Sp) før kommunestyremøtet.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Skuffa ordførar

Men det var på ingen måte sikkert at politikarane ville snu.

Området der matjorda ligg har nemleg vore i planane for handel- og industri i over 20 år. Det er også inne i den nye kommuneplanen som blei vedtatt i 2019.

Kommunen har laga ei jordverngrense, og det omstridde området ligg heilt inntil jordverngrensa, mellom Bryne og landbruksområda rundt.

Time-ordføraren er derfor skuffa.

Dette er trist for næringslivet og regionsenteret Bryne. Her kunne me lagt til rette for ny næring, seier ordførar Andreas Vollsund (H).

Ifølge ordføraren blir konsekvensen at det er null nye næringsområde i kommunen.

Forslaget til Høgre var å verna halvparten av jorda og bruka halvparten til næring.

– Det tapte dessverre, men slik er demokratiet, seier Vollsund.

Om lag 40 jordvern-forkjemparar demonstrerte før kommunestyremøtet tysdag.

Dei vann kampen sin.

Flere nyheter fra Rogaland