Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Time out = Pause frå stress og mas Av Egil Johan Ree (Real-Audio 16 Kbps)
Fysisk vald mot PCen
I avisa i dag les vi at ein av fire PC-eigarar slår datamaskinen sin. I sinne og frustrasjon over ting som kan skje når ein sit ved skjermen, grip altså mange til fysisk vald. I same avis les vi om ein ung mann i Oslo som surfa på nettet, som det heiter. I irritasjon over at det gjekk for seint, gjekk han ut i byen med ei tong og klipte av ein kabel slik at 4500 TV-abonnentar fekk svart skjerm og 350 mista summetonen.
Før piska me hesten
Slik kan det gå i vår teknologiske tid. Vi stressar og masar og irriterer oss over bagatellar. Så heilt nytt er det vel likevel ikkje. I gamle dagar - før datamaskinane - piska bøndene hesten når dei tykte han gjekk for seint. Men mange meiner det er blitt verre i våre dagar, og nå har altså ei gruppe velmeinande personar funne ut at vi må gjera noko med det.
Time-out = Riva oss laus
I svære annonser i dei store avisene vart vi oppmoda til å slå av maskinane våre klokka 12 i dag, leggja frå oss arbeidet og gå ut ein times tid. Time-out, heiter det, nett som i handballkampar der spelarane stikk hovuda saman og diskuterer strategien vidare. Dette skal vi gjera kvar sjuande juni fram til 2005. Då er det hundre år sidan vi reiv oss laus frå Sverige. Meininga nå er at vi på nytt skal riva oss laus, ikkje frå ein nasjon, men frå ein situasjon. Slik står det i annonsa. Vi skal tenkja over kor ille vi har det og korleis vi kan få tilbake dei gode opplevingane, bruka meir tid på vener, fellesskap, kjærleik og dei magiske stundene i livet.
Thomas Hylland Eriksen har det veldig travelt i dag
Hylland Eriksen har ikkje tid
Det høyrest vakkert ut. Det kunne vore eit framlegg frå den nedlagde Verdikommisjonen, men det er det visst ikkje. Det er i det heile litt uklart kven det er som står bak, men avisa Vårt Land har i alle fall spora opp ein av initiativtakarane, sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen. Han snakkar varmt for at vi må slutta å jakta på ting og heller ønskja oss betre tid til f.eks. å spela fotball med ungane. Sjølv har han det veldig travelt i dag og får ikkje tid til å ta time out, fortel han til avisa. Han har heller ikkje hatt tid til å setja seg inn i alt som skal gå for seg rundt om i landet i høve time out-dagen.
Ingen reiv seg laus i Rogaland
Frå desse kantar av landet kan vi melda at vi dessverre ikkje såg nokon som såg seg tid til å riva seg laus frå arbeidet og gå ut. Det kan sjølvsagt ha samanheng med silregnet og dei ti varmegradene. På den andre sida såg vi heller ingen som slo unormalt hardt på datamaskinane sine.