Hopp til innhold

– Time kommune kan ikkje sikra forsvarleg sjukepleie til eldre som bur heime

Time er kommune nummer to i Rogaland som er under lupa i forhold til eldre heimebuande med demenssjukdom. Nok ein gong er resultatet krass kritikk.

Hjemmesykepleien

Time kommune kan ikkje dokumentera at eldre får den hjelpa dei skal ha.

Foto: colourbox.com

  • «Time kommune sikrar ikkje forsvarleg sjukepleie til heimebuande eldre.»
  • «Time kommune sikrar ikkje at brukarane får nødvendig praktisk bistand til dei daglege gjeremåla.»

Dette er den harde dommen etter at Helsetilsynet og Fylkesmannen har sett på korleis Time kommune hjelper heimebuande eldre med demens.

Arbeidspress

Ingve Kindervaag er rådgjevar i Time kommune si omsorgteneste, han seier at arbeidspress er viktigaste årsaka til kritikken, men han lover at dei skal jobba med problema.

– I ein pressa arbeidssituasjon legg nok arbeidarane våre meir vekt på å gjera ein god jobb, enn å dokumentera jobben.

Med dette seier altså Kindervaag at tenesta som utøves er god, men det er journalføringa som blir nedprioritert.

Vil det seia at eldre i Time kan vera trygge på at dei får den hjelpa dei treng.

– Nå er det jo slik at me ikkje kan dokumentera dette, difor er det heller ikkje så lett å seia at dei kan det. Men eg veit at me har mange flinke arbeidarar som gjer sitt beste, så eg er ikkje veldig uroleg for stoda slik ho er nå.

Han seier at dei vidare vil jobba med å få inn gode rutinar for å dokumentera arbeidet dei gjer.

Nasjonal satsing

Totalt skal Helsetilsynet og Fylkesmannen sjå på fire rogalandskommunar sin praksis knytt til heimebuande med demens.

Tidlegare har dei sett på Randaberg , kor resultatet også var nedslåande. Nå gjenstår Hjelmeland og Stavanger.

Dette er del av ei fireårig nasjonal satsing, der helsestyresmaktene skal sjå på helsetenesta til eldre i landet.

Satsinga varer frå 2009 til 2012. I 2008 kunne NRK.no fortelja om pleietrengande, som mangla hjelp.