Hopp til innhold

Nå byrjar snart nedstenginga

Det er berre timar att til nedstenginga av all gass- og oljeproduksjon på norsk sokkel byrjar. 6.500 oljearbeidarar blir sende på land dersom regjeringa ikkje stoppar «lockouten».

Oljeplattform

Ved midnatt er det varsla ein såkalla «lockout» på norsk sokkel. Det vil sei at oljeselskapa stenger ned all produksjon av olje og gass. Sist gong dette skjedde var i 1987.

Foto: Stockmarket / I-415-0110 / Stockmarket

Eli Ane Nedreskår, infosjef OLF

Eli Ane Nedreskår er informasjonssjef i OLF. Ho blir nedringt frå journalistar frå heile verda som vil oppdatera seg om oljestreiken i Norge.

Foto: Oljeindustriens Landsforening (OLF)

– Det går i eitt her nå. Det har ringt journalistar frå The New York Times, Financial Times og mange andre store mediebedrifter, seier informasjonssjef i Oljeindustriens Landsforening (OLF), Eli Ane Nedreskår.

Alle lurer på ein ting. Vil verkeleg all olje- og gassproduksjon på norsk sokkel stoppa opp i natt?

Og svaret frå OLF er; ja, dersom ikkje regjeringa grip inn før klokka tolv.

Europa får ikkje gass

– Då vil det berre vera den gassen som er att i røyra som blir eksportert ut til Europa. Norge leverer 20 prosent av all gass som blir brukt i Europa, så det kan få konsekvensar for landa som mottar gass frå oss, dersom ikkje reservelagera deira er store nok, seier Nedreskår.

Det er spesielt i Tyskland og Storbritannia dei er mest opptekne av situasjonen i Norge, sidan dei er mest avhengig av leveransar av norsk gass, seier Nedreskår.

Om det blir stans i natt, vil det likevel ta litt tid før «lockouten» er heilt gjennomført.

– Klokka 24.00 byrjar me ei såkalla sikkerhetsnedstenging på dei ulike oljeplattformene. Dette kan ta alt frå to timar til eit par dagar, seier forhandlingsleiar i OLF, Jan Hodneland.

BBC om oljestreiken

Særleg Storbritannia og Tyskland er opptekne av situasjonen i Norge seier OLF. Faksimile frå BBC.

Foto: Skjermdump BBC

6.500 oljearbeidarar utestengde

Totalt vil 6.500 arbeidarar bli utestengde frå arbeidsplassane sine ute på sokkelen med ein «lockout».

Kvar plattform må likevel ha ei tryggingsbemanning att, slik at ingen plattformer vil stå heilt tomme.

Det er heller ikkje mogleg å setja inn ekstrahelikopter for å transportera arbeidarane vekk, seier Nedreskår.

– Me har berre dei helikoptera me har i Norge, så det kan gå fire dagar før alle er transporterte i land. Desse vil då ta imot løn frå streikekassane til fagforeiningane.

– Førre «lockout» var i 1987

Økonomisk historikar ved Universitetet i Oslo, Helge Ryggvik, trur OLF har satsa på at det skal bli tvungen lønnsnemnd, og ingen «lockout».

Han meiner likevel at det ikkje er usannsynleg at det faktisk blir nedstenging av norsk sokkel.

– Førre gong dette skjedde i 1986, og då varte det i tre veker før det blei tvungen lønsnemnd, så slik sett vil det ikkje vera noko nytt med dette, seier Ryggvik.

– Ein kan jo sei at regjeringa vanlegvis grip inn når det er streik hos oljearbeidarane, men så har også Norge mange ILO-dommar (International Labour Organization) mot seg på dette spørsmålet, sidan det er snakk om streikerett.

Han trur likevel ikkje at ein stopp på sokkelen vil ha så mykje å sei for samfunnet.

– For dei streikande har det den konsekvens at det tappar på streikekassene, oljeselskapa vil bli ganske hardt ramma sidan det er snakk om årets profitt. Spesielt det øvre sjiktet i selskapa, dei som har bonusavtalar knytt opp til produksjonsmål vil nok merka dette bra. Men for samfunnet sin del vil olja framleis liggja der når dette er over, seier han.

OLF seier streiken vil kosta 1,8 milliardar kroner i tapte produksjonsinntekter kvar dag.

Arbeidsdepartementet opplyser til NRK.no klokka 18.30 at dei følgjer situasjonen kontinuerleg.

Sjå video:

Administrerande direktør i NHO, John B. Bernander, meiner fagforeiningane held Norge som gissel i oljestreiken.

Administrerande direktør i NHO, John G. Bernander, meiner fagforeiningane må gi etter.