Hopp til innhold

Tilskodar-rot i norsk fotball

Det er store forskjellar på kor stor del av stadionkapasiteten som blir nytta i norsk fotball. No ynskjer fleire ein meir prosentvis løysing på saka.

Forskjellene mellom tribunene i Stavanger og på Bryne

Det er berre lov til å bruke sittetribunar på fotballkampar. Det utgjer store forskjellar. På Viking stadion brukar dei i underkant av 4 prosent av stadionkapasiteten. På Bryne stadion brukar dei 24 prosent.

Foto: Mathias Oppedal/NRK, Carina Johansen/NTB

– Det er litt spesielt at uansett storleik på anlegga, blir me behandla på same måte som mindre klubbar, seier dagleg leiar Vibeke Johannesen i Brann.

Fotballsesongen er godt i gong, og reglane no er at du får dra på kamp med 599 andre. Men berre viss de er fordelt på tre kohortar med 200 personar, og viss du sit på faste tilviste plassar med to meter avstand.

Det gjer forskjellane mellom kor mange prosent av stadion dei norske klubbane kan fylla opp, store.

Viking FK og SK Brann har nemleg plass til høvesvis 15.300 og 17.000 tilskodarar på sine heimebanar. Der er det sitjeplassar rundt nesten heile stadion.

Det gjer at dei berre kan bruke i underkant av 4 prosent av kapasiteten.

– Eg meiner det burde ha vore ein prosentvis fordeling etter kor stor stadion klubbane hadde, seier Johannesen.

Vibeke Johannesen

Dagleg leiar i Brann Vibeke Johannesen saknar ein meir prosentvis fordeling etter kor stor stadion klubbane har.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Store forskjellar

Bryne derimot, kan berre bruke ei halv langside på stadion som tar 2507 tilskodarar. Resten er nemleg ståtribunar. Det gjer at dei kan fylle opp 25 prosent av sine sitteplassar.

Strømmen, som også er i Obosligaen, har 1000 sitteplassar. Dei kan dermed bruke 60 prosent av stadionkapasiteten.

– Det er vanskeleg å laga eigne særreglar for klubbane. Men eg trur det er på tide å bruka litt meir skjønn i forhold til storleik på arena, seier salssjef Børge Moi Nilsen i Viking.

Koronarestriksjonar på Bryne stadion

Koronareglar gjer at dei 600 tilskodarane på Bryne Stadion må halde seg på den eine sitjetribunen, i staden for å spreie seg utover.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Får ikkje bruke ståtribune

Nesten tre mil lenger sør og ein divisjon ned i systemet, ligg Bryne FK.

Styreleiar i klubben, og stortingspolitikar for Senterpartiet Geir Pollestad, reagerer meir på regelen om at ståtribunar ikkje kan brukas på arrangement.

– Logikken haltar jo. Eg trur ikkje det er eit plastsete som avgjer om me blir smitta eller ei. Ein kunne jo markert opp felta og fått inn folk med god avstand på ståtribunen.

Pollestad etterlyser også meir og betre lokale løysingar på sakene.

Geir Pollestad (Sp) er styreleder i Bryne FK.

Styreleiar i Bryne FK, Geir Pollestad, gleder seg til fotballkampane kan få inn fleire i publikum.

Foto: Jo Fridstrøm / NRK

Slår skeivt ut

FHI er klar over at talet på tilskodarar slår skeivt ut på ulike stadion i Noreg. Men meiner det heile har ei god forklaring.

– Tiltaka er regulert gjennom juridiske forskrifter, og skal gjelde for mange forskjellige typar arrangement og arrangementsstader. Dermed blir det ikkje like godt tilpassa over alt, forklarar overlege Tone Bruun i FHI.

Kan bli 5000 tilskodarar om seks veker

Statssekretær Emma Lind i Kulturdepartementet forklarar at bakgrunnen for å ha eit avgrensa tal på publikum ikkje berre handlar om sjølve arrangementet, men at det også er knytt til mobilitet, køar, kollektivtransport og liknande.

– I trinn tre, som me forhåpentleg kan setje i verk om nokre veker, kan det vera inntil 800 personar utan faste, tilviste sitteplassar og 2000 personar om alle i publikum sit i faste, tilviste plassar, forklarar Lind.

I trinn fire, som kan setjast i verk tidlegast tre veker etter at trinn tre er sett i verk, kan 1500 personar sitja utan faste tilviste sitjeplassar, men 5000 med faste tilviste plassar, forklarar ho.

– Om det, slik regjeringa ønskjer, blir høve til å nytta åtgangstest og koronasertifikat, vil talet på publikummarar auke, seier Lind.

LES OGSÅ: Får kun lov å ha 600 tilskuere på kamp – mener selv de kan ta inn flere tusen