Hopp til innhold

Sjukehustilsett har fått påvist covid-19 i Haugesund

20 personar er i karantene etter at ein tilsett på Haugesund sjukehus har testa positivt for koronavirus.

Haugesund sjukehus 081220

Det er påvist smitte ved ei avdeling på Haugesund sjukehus.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Medarbeidaren har følgt våre rutinar i høve til smittevern, skriv administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna i ei pressemelding.

Den tilsette var på jobb på sjukehuset i helga, men etter å ha fått symptom testa personen seg på sundag. Prøvesvaret kom måndag kveld og viste at den tilsette hadde covid-19.

Har pasientkontakt

Førebels har ikkje sjukehuset gått ut med kva avdeling det er snakk om, men sju pasientar og 13 tilsette definert som nærkontaktar, er no i karantene som følgje av smitten.

Olav Klausen

Administrerende direktør, Olav Klausen, opplyser at Haugesund sjukehus førebels driftar som normalt.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det er ein tilsett med pasientkontakt, men eg veit ikkje nøyaktig kor mange pasientar denne har kontakt med utanom dei me har opplyst hittil. Eg kan ikkje sei noko om kva for avdeling det er snakk om av omsyn til tilsette og pasientar, seier kommunikasjonssjef i Helse Fonna, Magne Kydland til NRK.

– Dette gjelder ein avdeling med svært sjuke pasientar, korleis fylgjer dykk desse opp?

– Me passar godt på dei, og dei pasientane som er i karantene passar me ekstra godt på. Me testar dei og følgjer nøye med, men me har ikkje fått nokon svar frå dagens testar enno, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Klausen opplyser at drifta på sjukehuset førebels går som normalt.

– Det er viktig for meg å sei at me har ope sjukehus som før, og at det er trygt for pasientane våre å koma til oss.

Smittesporinga går føre seg i tett samarbeid med Haugesund kommune.

Jostein Helgeland

Kommuneoverlege i Haugesund, Jostein Helgeland, følgjer smittesporinga for to nye smittetilfelle.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Intern smittesporing

Smittetilfellet på sjukehuset er eitt av tre som er påvist i Haugesund kommune det siste døgnet. Ett av disse blei påvist i ettermiddag.

– Sjukehuset driv med intern smittesporing først for å få oversikt over kor mange tilsette og pasientar som kan vera involvert, fortel kommuneoverlege Jostein Helgeland.

Situasjonen må kartleggast før kommunen kan koma med meir informasjon.

– Det er jo ein spesiell situasjon i og med at det er eit sjukehus med pasientar. Difor er me nøydd til å basera oss på intern smittesporing i første omgang.

– Det er uansett alvorleg når det er inne på eit sjukehus blant helsepersonell. Me må få eit fullstendig omfang etter kartlegging slik at me får avgrensa kor mange pasientar og personale som må i karantene, seier kommuneoverlegen.

Det er påvist totalt 34 smittetilfelle i Haugesund kommune i november og hittil i desember.