Tilsett på sjukeheim er smitta

Ein tilsett ved Bryneheimen i Time kommune har fått påvist koronasmitte. Den tilsette blei smitta på reise i London og hadde vore på jobb i eit par dagar etter heimkomsten. Ni tilsette og åtte pasientar har i denne perioden vore i nærkontakt med den smitta.