Sandnes Ulf sin Zymer Bytygi fekk 13 minutt mot Haugesund. Dermed er han tidenes yngste eliteseriespelar.
Foto: Kent Skibstad / NTB scanpixI går blei 15-åringen frå Sandnes tidenes yngste spelar i eliteserien, kontrasten var derfor stor då Zymer Bytygi i dag var tilbake på Lurahammeren ungdomsskule.
Friminutta blei nytta til fotball i ballbingen med skulekameratane, på eit litt anna nivå enn det han er vand med.
Karusellspel i ballbingen
– Det er i alle fall ikkje like stort som å spela i eliteserien, seier Bytygin etter å ha scora eit par mål.
– Spelar du karusell med dei?
– Ja, litt, seier han og ler.
Og skulekameratane er samde.
– Han er skamgod, og det er kjekt å vera på lag med han, seier Even Jordbrekk.
Tretten minutt mot Haugesund
Storklubbar frå heile Europa jaktar nå 15-åringen frå Sandnes, som kom til Norge frå Kosovo då han var to år gamal.
I går var første steg på vegen til ei proffkarriere, og ein draum som blei sann.
– Eg var ganske klar for å spela ja, det var veldig stort for meg, seier han om sine tretten minutt mot Haugesund i går. Ein kamp laget hans tapte 2–0.
- Les òg:
- Slik var kampen: Sandnes Ulf – Haugesund
– Utfordrande å ha eit så stort talent
I 10 årsalderen blei det for alvor klart for Bytygin, han bar på eit stort talent, som måtte foredlast med mykje trening.
– Eg trenar veldig mykje. Nå er det litt mykje skule, så nå blir det to gonger kvar deg. Vanlegvis er det to til tre gonger dagleg, seier han.
For Sandnes Ulf er det både ei lukka og ei utfordring å ha ein 15 år gammal toppspelar i troppen.
– Det er spanande å ha ein så ung gut, som har kome så langt i utviklinga. Det som er krevjande, er at det finst andre klubbar som siklar etter å få eit slikt talent inn i klubben sin, seier dagleg leiar i Sandnes Ulf Tom Rune Espedal.
Zymer Bytyqi har nemleg vore på besøk til mellom anna Newcastle, men han seier at han er freista til å bli i Sandnes dersom han får eliteseriespel.