– Ingen grenser for kor langt ho kan nå

I dag kom Susanne Andersen (18) heim frå junior-VM i Qatar med bronsemedalje i bagasjen.

I dag kom Susanne Andersen (18) heim frå junior-VM i Qatar med bronsemedalje i bagasjen.

HEIME FRÅ VM: Sjå video frå flyplassen på Sola, der Susanne Andersen i dag blei teken imot av familie og syklistar frå Stavanger sykkelklubb.

– Det er ingen grenser for kor langt ho kan nå. Eg kan i alle fall ikkje sjå at ho har nokre barrierar verken fysisk eller mentalt, seier Terje Flaten frå Stavanger sykkelklubb, som mellom trente til Katjusja-proff Sven Erik Bystrøm sidan han var 16 år.

Nå er det eit nytt ungt talent det handlar om, og det er den 18 år gamle vinnarskallen Susanne Andersen. I dag kom ho heim frå junior-VM i Qatar med bronse i bagasjen.

Susanne Andersen

BRONSE: Her tråkka Andersen inn til tredjeplass i 74,5 kilometer fellesstart i junior-VM i landevegssykling.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Meir nøgd nå

Bronsemedaljen kara ho til seg berre dagar etter ho blei køyrd ned av ein bil.

– Eg var eigentleg ganske redd for at eg skulle mista løpet etter påkøyrsla, men eg blei fort mykje betre og kunne kasta krykkene allereie same dag, seier Andersen til NRK på flyplassen i dag.

– I går såg det ut som om du var misnøgd med bronse, korleis er det i dag?

– Eg er sjølvsagt nøgd med å koma heim med medalje, men eg hadde veldig lyst på gullmedaljen då. Ingvild Gåskjenn og meg gjorde det me kunne for å få det beste resultatet, og dette trur eg var det beste me kunne få til denne dagen.

Ser fram til VM i Bergen

Den unge jenta, som i fjor fekk Statoil sin talentpris for å vera eit av Norges største sykkeltalent, har allereie fleire bragder bak seg, nå er det først og fremst VM i Bergen ho ser fram til.

– Det er eit stort mål for meg. Eg trur det blir fantastisk med VM på heimebane, seier ho.

Sykkelklubben som tok imot henne på Sola i dag kan skilta med å vera moderklubben til Alexander Kristoff, og ifølgje Terje Flaten er det god grunn til å tru at dei kan avla fleire syklistar av same kaliber.

– Naturen her i Rogaland er veldig egna for sykling, og eg trur at me gjer mykje annleis her enn i andre klubbar. Likevel finst det ikkje ein magisk formel på korleis ein blir ein god sykkelryttar. Først og fremst handlar det om hardt arbeid og at ein klarer å jobba på eit breitt spektrum.