Hopp til innhold

Tilbake i jobb

Tre av dei som blei oppsagde på stålverket på Jørpeland i mai, er nå tilbake i jobb.

Jan Øyvind Jørgensen

Jan Øyvind Jørgensen er direktør for Scana Steel på Jørepeland

Foto: Øystein Ellingsen / Nrk

Då Scana Steel, eller "stålverket" på Jørpeland, starta opp igjen etter fellesferien i dag, så var tre av dei som blei oppsagde i mai , tilbake i jobb.

I tillegg var alle dei tidlegare permitterte på plass, pluss at seks ekstra arbeidarar var leigde inn.

"Herrligt" å vera på jobb

Bjørn Olav Fjelde

Bjørn Magne Fjelde er tilbake på jobb etter permitteranger på Scana Steel på Jørpeland

Foto: Ole Andreas Bø / Nrk

Bjørn Magne Fjelde har alt vore ei veke på stålverket. Nå nyt han å stå opp klokka fem kvar morgon, for livet som permittert var ikkje triveleg.

- Eg har vore i jobb i over 30 år, så det har vore ein ekkel situasjon å ikkje vita kva som skjer i månadane framover, seier han.

- Klandre du leiinga for det som har skjedd?

- Nei, absolutt ikkje. Dei har har stått på for fulle mugger og gjort ein kjkempeinnsats for å sy dette saman, seier Fjelde.

Nå skal han nyta å vera på jobb denne hausten, og samstundes skal han stå på for at det prosjektet dei har, skal bli levert i tide og med best mogeleg resultat.

Ser betre ut

- Det ser lysare ut nå, enn kva det har gjort det siste året. Det seier direktør Jan Øyvind Jørgensen. Han er forsiktig med å vera altfor positiv, men slår i alle fall fast at det er nok arbeid til ut på hausten.

- I tillegg så ser det nå ut som det blir lettare å få inn ordrar framover, seier Jørgensen.

Tøft år

Det har vore eit hardt år for leiing og tilsette i Scana Steel. Etter fleire rundar med permitteringar, så enda det med at 32 blei oppsagde i mai månad. Det betyr at talet på tilsette i hjørnesteinsbedrifta er nede i omlag 180.