Tidlegare Venstre-ordførar melder seg ut av partiet

Meiner det er umogleg å forsvara partiets nye politiske kurs.

Gro Skartveit

Gro Skartveit er ikkje lenger medlem i Venstre. Ho meiner partiet flyttar seg for langt til høgre frå sentrum.

Foto: Odd Rune Kyllingstad/NRK

Skartveit er tidlegare ordførar på Finnøy og fylkestingsrepresentant for Venstre. I dag gjer ho kjent at ho melder seg ut av partiet.

Skartveit skriv i ei pressemelding at ho er usamd i Venstre sin politiske kurs og at ho ikkje kan stilla seg bak samarbeidet med Høgre og Frp i regjering.

Ifølgje Skartveit er Venstre nå medansvarleg for å flytta norsk politikk fleire steg frå sentrum mot høgre.

– Partiet har gått inn i ei mørkeblå regjering. Eg måtte vore engasjert, snakka opp og støtta dette for å kunne halde fram i Venstre. Det klarar eg ikkje. Dette er ei indre konflikt, seier Skartveit til NRK.

Fleire har meldt seg ut

Skartveit føyer seg dermed inn i rekka av Venstre-folk som melder seg ut av partiet. Da det blei klart at Venstre ville gå inn i regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp, stegla fleire trufaste Venstre-medlemmer.

Da det blei klart at Venstre dannar regjering med den blåblå duoen, reagerte enda fleire. Kommunestyrepolitikar Hege Soubeyrat Gjerdrum i Målselv i Troms uttala at ho ikkje kunne leva med Sylvi Listhaug. I Sogn og Fjordane var det pelsdyrnekten som gjorde at Venstre mista medlemmar.

I heile januar valde om lag 100 personar å melda seg ut av Venstre. Det stadfestar kommunikasjonssjef Steinar Haugsvær i Venstre.

Han seier at om lag like mange har meldt seg inn i partiet.

– Eg er glad for at folk meldar seg inn. Så må vi jobba hardt med politiske gjennomslag i regjeringa for at folk skal forstå at Venstre har gjort eit riktig val, seier Haugsvær.

Venstre har rundt 7000 medlemmar.

Siv Jensen, Erna Solberg og Trine Skei Grande

17. januar kom Siv Jensen (Frp), Erna Solberg (H), Trine Skei Grande (V) og resten av den nye regjeringa ut på Slottsplassen. Fleire Venstre-folk er usamde i at Venstre er i regjering med den blåblå duoen.

Foto: Gunhild Hjermundrud, NRK

Finn seg ikkje nytt parti

Det er snart tre veker sidan Skartveit lufta at ho vurderte å melde seg ut av Venstre, i eit intervju med Stavanger Aftenblad. Nå har ho tatt den endelege avgjerda.

– Det var eit vondt og vanskeleg val. Men eg så kva veg det gjekk, seier ho, og held fram:

– Venstre har vore eit sentrumsparti som kan samarbeida begge vegar. Ved å gå inn i ei mindretalsregjering, har vi bunde oss opp til ei side. Vi mistar stemma vi har til å rope opp for dei som treng det mest, blant anna flyktningar.

Ho er klar på at ho har respekt for at andre tillitsvalde i Venstre vil halda fram i partiet og heller jobba mot det ho kallar ei sterk mørkeblå høgrebølge.

Skartveit melder ikkje overgang til eit anna parti, men held fram som partiuavhengig representant i Finnøy kommunestyre.

Ho har vore Venstre-medlem i 16 år.