Hopp til innhold

Tidenes strømtopp i november

Energiselskap i fylket melder om ny rekord i strømforbruket i Rogaland. For kundane svir kulda i lommeboka.

Panelovn

Illustrasjonsfoto

Foto: Kathrine Brønn / NRK

For Lyse blei toppen nådd 30. november, då målarane viste eit forbruk på 1148 megawatt på elektrisitetsnettet.

Rekorden er langt over det normale strømforbruket i november, og kan vere det høgste som er målt nokon gong, ifølgje leiar for driftssentralen i Lyse, Terje Nevland.

- Me har ikkje registrert høgare forbruk. Den statistikken me har går tilbake til 1997, og det er grunn til å tru at det ikkje har vore høgare tidlegare.

Rekordar over alle linjer


Det er ikkje berre Lyse som har merka kulda, også Haugaland kraft har registrert høgaste forbruk i november sidan i 2001. Heile 292 megawatt blei målt 30 november, fortel Gunn Margareth Lassesen, marknadssjef i Haugaland kraft.

Nevland i Lyse fortel at det høge strømforbruket ikkje er unikt for Rogaland.

- Me ser det same over heile landet, og det heng saman med den svært kalde månaden me har hatt.

Kulda svir på pengepungen

Rekorden er ikkje noko å jubla over for kundane, for rekordhøgt forbruk gjer rekordhøge prisar.

- Forbruk og pris heng saman. Ein må og sjå på vassmagasina for Norge totalt sett, som og er noko lågare enn normalt, seier Nevland.

Til no i år har netto import av strøm frå utlandet til Norge vore på rundt seks prosent. Om kulda held fram må strøm i større grad kjøpas frå utlandet, ifølgje Nevland.

- Norge har jo gode kablar til utlandet som vil hjelpa oss i ein sånn situasjon.