Hopp til innhold

– Folk forventa nok ein høgreist blond mann då dei skulle sjå countryartisten Olav Larsen

Han har eit heilnorsk namn, driv med ein heilamerikansk musikksjanger og er halvt nigeriansk. Det var motsetningane i dette bandet ville spela på då dei tok namnet Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars for nøyaktig ti år sidan.

Orkesteret Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars kan se tilbake på 10 år i Country-musikkens tjeneste. Og i morgen satser de stort, og inviterer til jubileumskonsert på Folken.

Det byrja i ein tom pub i Sandnes, i dag feirar countrybandet Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars 10 år saman. For første gong er dei hovudattraksjonen på Folken.

Laurdag kveld står Sandnes-bandet Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars for første gong på Folken i Stavanger som hovudattraksjon. Det har teke ti år å koma så langt, men låtskrivar Olav Larsen er svært nøgd med progresjonen.

– Eg er stolt av at me har heldt på i ti år, at me er hundre prosent sjølvstendige og at me gjer det av rein musikkglede. Dessutan taper me også mindre og mindre pengar på det for kvart år, seier Olav Larsen i intervju med NRK om tiårsjubileet.

For countrybandet som i år er ute med si fjerde plate, som har vore på turne i inn og utland og som har fått bra kritikk i både norsk, svensk og britisk presse er Folken den perfekte staden å feira seg sjølv.

– Det er kjekt å prøva seg på storsalen. Eg har vanvitig mange gode minner frå Folken sjølv. Det er det beste lokalet i byen når den rette lydmannen er på jobb, seier Larsen.

Men sjølv om dei har heldt på lenge, og har ei høg stjerne i musikkmiljøet i regionen, forventar dei ikkje full sal i kveld. For det er slett ikkje alle som veit kven Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars er.

– Kvifor er det slik?

– Alle bør vita kven me er, men det har vel noko å gjera med sjangeren me held på i. Det er ein smal sjanger vil eg påstå, sjølv om me er under modersjangeren country. Me gjer likevel ei meir alternativ form for country. Me legg vekt på gode låtar med truverdige tekstar, og me er kompromisslause med måten me framfører på, seier Larsen.

Byrja i ein tomt lokale

Historia til Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars byrjar i eit tomt lokale i Langgata i Sandnes. I ein pub som ikkje finst lenger.

– Eg hadde ein trubadurjobb der og sat og spelte åleine. Det var ingen gjester i lokalet. Sidan eg likevel sat der og spelte tenkte eg at eg kunne spela akkurat det eg sjølv ville. Så eg spelte Bob Dylan og Neil Young, fortel Larsen.

Og medan han sat og spelte ein Dylan-song kom musikkbloggaren Øyvind Berekvam inn døra saman med bror sin.

– Etter spelinga sa han til meg at me måtte gjera noko saman, for han hadde aldri høyrt ein trubadur spela Bob Dylan før, og i alle fall ikkje frå «Blood on the Tracks».

Dermed byrja hjula og rulla, og det blei band av det.

– Øyvind sette meg i kontakt med Erlend Aasland på gitar og banjo, som sette meg i kontakt med Jonny Engelsvoll som spelar piano, han sette meg i kontakt med Arne Andersen på trommer og Torje Fanebust på bass kjende eg frå før. Me spelte inn ein EP som blei kalla «Gospel and Drinking Songs», og tenkte at dette ville me gjera meir av.

Etter dette har det blitt jamlege spelingar og fire utgjevingar for venars-venar-bandet.

– Me har aldri vore betre enn me er nå, og eg er glad for at me nå er heilt uavhengige. Me gir ut eigne songar på eige plateselskap og me spelar alt inn sjølv. Me søker ikkje ein gong kommunen og staten om støtte lenger, fortel han.

– Eigentleg eit tåpeleg namn

– Korleis fekk de namnet dykkar?

– Me likte tanken på at eg hadde eit veldig norsk namn, og at me spelte ein veldig amerikansk sjanger og at halvparten av røtene mine kjem frå Nigeria. Det er mykje som krasjar her, og det ville me spela litt på.

Han fortel at mange nok blei overraska på dei første spelejobbane.

– Folk forventa nok ein høgreist blond mann frå Bryne eller Sandnes, men så kom eg, den gong med afro og bukkeskjegg, seier Larsen og smiler.

Sjølv om han i ettertid har kome fram til at namnet er ganske tåpeleg vil han ikkje endra på det.

Olav Larsen & the Alabama Rodeo Stars har først og fremst fått rykte på seg for å vera eit liveband, og er i sitt rette element på Folken i kveld.

– Kvifor er de eit såkalla «liveband»?

– Det er vel også noko med det at me ikkje er redde for å gjera eigne versjonar av songane våre live. Me er heller ikkje redde for å bruka andre instrument enn det som er med på innspelinga. Men så er det nok svært viktig at me spelar hundre prosent for oss sjølv, me gjer det me har lyst til å gjera. Denne spelegleda trur eg smittar over litt på publikum. Me liker å spela live, seier han.

Og sjølv om dei nå har heldt på i ti år ser han ingen ende på det. Dei skal gi ut meir plater, og kvar plate skal bli betre enn den førre lover han.

Sjå Olav Larsen spela «This Must be Happiness»:

Høyr Olav Larsen framføra songen sin This Must be Happiness.

Her framfører Olav Larsen «This Must be Happiness» åleine med kassegitar og munnspel.