Hopp til innhold

The Guardian: – Samuelsen like stor som Ødegaard

Den engelske avisa The Guardian meiner Martin Samuelsen har ei like lys framtid framfor seg som Martin Ødegaard.

Martin Samuelsen

18 år gamle Martin Samuelsen frå Haugesund blir hylla av engelsk storavis.

Foto: Craig Brough / Reuters

– Hyllesta av Real Madrids Martin Ødegaard har tona ned merksemda rundt ein nordmann med ei like stor framtid, skriv The Guardian om 18 år gamle Martin Samuelsen.

Ifølgje Dagbladet er Samuelsen med på ei lista med totalt ti namn, som avisa meiner er dei mest interessante unge fotballspelarane å følgje med på i 2016.

Messi-scoring

18-åringen frå Haugesund spelar eigentleg for West Ham, men er for tida lånt ut til Peterborough.

Ei scoring han gjorde for klubben i ein kamp mot Sheffield United på nyåret, har allereie blitt ein hit på Youtube. På klubben sine heimesider vart scoringa omtala som eit mål sjølv Messi ville ha vore stolt over.

Proff i ung alder

18-åringen gjekk på akademiet til Manchester City, og spelte på klubben sitt juniorlag mellom 2010 og 2015. I juni 2015 signerte han kontrakt med Premier league-laget West Ham. Han er på utlån til Peterborough ut sesongen.