– Målet er at pasientjournalen skal hamna her

Stavanger universitetssjukehus testar nå ut eit nytt system som, skal gjera jobben til sjukepleiarane langt lettare.

Den nye teknologien skal nyttast til omsorg og informasjon. Ved hjelp av eit såkalla nettbrett skal pasientane få meir kontroll over sin egen kvardag og sjukdom.

►SJÅ VIDEO: Kreftpasient Tor Ree er glad for å vera med på pilotprosjektet til Stavanger universitetssjukehus. (Foto: Ole Andreas Bø)

Tonje Øderud

Tonje Øderud er medlem av prosjektgruppa «E-seng 2015».

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Nett nå er pilotprosjektet berre eit nettbrett på kvar av 30 ulike sengepostar ved kreftavdelinga på Stavanger universitetssjukehus (SUS), men etter kvart skal nettbretta bli ein viktig reiskap både for legar og sjukepleiarane.

– Når me får inn pasientjournalsystemet på nettbretta vil det letta på kvardagen til både sjukepleiarar og legar. Me slepp å gå ut og inn frå pasienten sitt rom for å til dømes finna fram prøvesvar, seier Tonje Øderud, som er avdelingssjukepleiar og medlem av nettbrettgruppa.

– Ein måte å ikkje vera aleine på

Men brettet er ikkje berre meint som eit arbeidsverktøy for dei tilsette på sjukehuset.

Den nye teknologien skal nyttast til omsorg og informasjon, og også pasientane får meir kontroll over sin eigen kvardag og sjukdom.

– Når ein er inne på isolat, og avstengt frå resten av verda, er dette ein måte å ikkje vera heilt aleine på, seier Tor Ree.

Det har gått snautt tre månader sidan han fekk kreftdiagnosen. Sidan då har han vore inne til behandling ved sjukehuset i fleire periodar. Den siste tida har han hatt det nye hjelpemiddelet.

Førebels får han og dei andre som er med i pilotprosjektet underhaldning som nettaviser og fjernsyn, i tillegg til informasjon om diagnosen deira og medisinar.

Ree gler seg til fortsetjinga.

– For min del vil det vera veldig interessant å følja med på resultata mine og på journalen min, seier han.

«E-seng 2015»

Pilotprosjektet, som har namnet «E-seng 2015» starta i november, og leiinga ved sjukehuset legg ikkje skjul på at det digitale lesebrettet også er eit tiltak for å gjera drifta meir effektiv.

– Me kan ikkje halda fram med å tilsetja folk i den takta me gjer nå, det er det kort og godt ikkje nok folk til, seier forskingsdirektør ved SUS, Stein Tore Nilsen.

Han seier at dei må sjå på nye metodar for å roa utviklinga.

– Vil bretta erstatta sjukepleiarane etter kvart?

– På ingen måte. Dette er til hjelp for dei, og fjernar element i arbeidsdagen deira som berre er bra å få vekk. Dermed kan dei heller gjera det dei verkeleg er gode til, som god pleie, omsorg og observasjon av pasienten.

E-seng 2015 skal utviklast vidare fram til 2015 opplyser sjukehuset.