Til saman 42221 mobilar skulle ha fått meldinga frå Stavanger kommune torsdag ettermiddag. Meldinga var ein test av eit nytt krisevarslingssystem som kommunen vurderer å ta i bruk.
Ikkje nøgd med resultatet
– Me fekk levert 27871 meldingar. Det representerer rundt 66 prosent av alle mobilane i området, og er i underkant av det me hadde forventa. Me hadde forventa 93-94 prosent, seier beredskapsrådgjevar Hugo Kind i Stavanger kommune.
Kommunen har nå bedt om å få ein rapport frå leverandøren i samarbeid med teleoperatørane.
Skal prøvast ut fleire gonger
– Me vil evaluera det heile når me får rapporten, og kjem til å testa systemet ein eller to gonger til i samband med Blinkfestivalen, seier Kind.
Dette er statistikken kommunen publiserte i etterkant av testen:
Det var 88 nasjonaliteter (basert på sim-kort) i testområdet.
35798 norske mobiler og 6423 utenlandske mobiler. Totalt 42 221.
Etter 1 min var ca 12000 meldinger levert (29%)
Etter 3 min var ca 22000 levert (52%)
Etter 5 min var ca 23300 levert (55%)
Etter 10 min var ca 25000 levert (59%)
Totalt ble det levert: 27871 (66%) meldinger.