Hopp til innhold

Kaizers-konsertar gav godt med hockeypengar

Ni Kaizers-konsertar i Oilershallen betyr gode pengar for Stavanger Oilers. Klubben er i ein økonomisk særklasse i norsk hockey.

Kaizers

OILERSHALLEN: Heimebanen til ishockeyklubben Stavanger Oilers har den siste tida vore heimebanen til Kaizers Orchestra, som har heldt ni fullsette avslutningskonsertar.

Foto: Kai Erlandsen, P3

Oilers innviet sin nye hall

Oilershallen når den blir brukt til hockey, og ikkje konsert.

Foto: Erik Waage

Ishockeyklubben, Stavanger Oilers, sin ishall har nett husa ni fullsette Kaizers Orchestra-konsertar, men er snart klar for hockey igjen.

– Kva betyr dette for Oilers?

– Det betyr at me tenar pengar, seier dagleg leiar i Oilers Kjetil Bøe.

– Kor mykje pengar?

– Eg har ikkje eit tal nå, og eg får ikkje vita det før ei stund. Men det er positivt for oss og viktig i den totale samanheng for klubben.

Klubben, som tidlegare i år kunne presentera ei dobling av inntektene med ny hall, er i ein økonomisk særklasse i norsk hockey.

– Fantastiske dagar

Også direktør i hockeyklubben, Pål Higson, trur at Oilers kan vera tente med denne type arrangement på fleire måtar.

– Dette har vore fantastiske dagar i Oilershallen, men nå ser me fram til at det blir hockey som igjen blir hovudattraksjonen i hallen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kaizers siste dans gir klingende mynt i kassen til Stavanger Oilers. For fjorårets norgesmestre er konsertene i ishockeyhallen nok en kjærkommen inntektskilde. Oilers er nå i en økonomisk særklasse i hockey-Norge.

►SJÅ VIDEO: Pål Higson er godt nøgd med Kaizers-konsertane, som hallen hans har husa.

– Det er viktig for heile organisasjonen og for bruken av arenaen at me har attraktive arrangement på huset. Det har me hatt med Kaizers og det har me på torsdag når Stjernen kjem her, seier Higson.

Han legg til at dette har vore målsetninga med hallen, heilt frå starten

– Me var veldig opptekne av at dette skulle vera ein arena for heile byen då me bygde den. Så same kva interesser du har, er faren stor for at det skjer noko her i løpet av eit år, som du gjerne vil gå på. Dermed kan også slike arrangement fungera som ein rekrutteringskanal, som gjer at folk kanskje kjem attende på andre arrangement, seier direktøren.

– Korleis blir det med arrangement framover?

– Det kjem stadig nye arrangement. Me reknar med at det blir ti til tjue andre arrangement enn hockey her i løpet av eitt år.

3.000 sesongkort selde

Men det er uansett ikkje berre rockarar frå Jæren som trekk folk til Oilershallen. Før første heimekamp mot Stjernen, har dei seld 3000 sesongkort, og i løpet av ettermiddagen blir billettane lagde ut for sal.

– Me satsar på fullt hus her på torsdag, seier Bøe.