NRK Meny
Normal

Tende bål i kjellaren

Naudetatar rykka ut til eit bustadhus på Storhaug etter melding om brann. Det viste seg å vera eit bål i kjellaren.

Brann på Storhaug

Forbipasserande såg eld, og melde frå om brann, det viste seg å vera eit bål.

Foto: Birk Florian Fischer Magnussen

Klokka 22:21 kom meldinga om ein brann i eit bustadhus i Nymannsveien i Stavanger. Det var ein forbipasserande som melde frå om brannen.

Brannmannskap og politi rykka ut til staden.

Då dei kom fram viste det seg at det var tent opp eit bål på betonggolvet i kjellaren på huset.

Brannvesenet fekk sløkt bålet på kort tid.

– Det var kubbar med ved, og det brende godt, men heldigvis spreidde det seg ikkje, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Trygve Ravndal.

Ingen personar vart skadde. Og det var heller ingen materielle skadar.

Men det kunne ha gått mykje verre.

– Det er svært farleg å tenne opp bål innandørs, og i alle fall i ein kjellar der røyken ikkje blir ventilert ut, seier Ravndal.

Det er ikkje kjent kvifor eller kven som tende bålet.