Hopp til innhold

– Når eg høyrer «god kveld frue» i andre enden, er dagen redda

For Engfrid Stensø har telefonvenen blitt ein viktig del av livet. Om lag 200 eldre eller uføre her i landet har ein telefonven mot einsemd.

Engfrid Stensø

Engfrid Stensø frå Stavanger er svært glad for å ha ein telefonven.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Organisasjonen Telefonkontakt er eit bindeledd mellom eldre, som trenger nokon å snakka med, og frivillige som vil vera eit medmenneske. Og det er nok av folk her i landet som treng nokon å snakka med.

Engfrid Stensø får kvar veke telefon frå ein person på ein heilt anna kant av landet. Frå godstolen i leilegheita i Stavanger får ho oppringingar frå det som først var ein framand, men nå er ein kjærkomen ven.

Mange einsame

– Me snakkar om turar me har hatt, selskap me går i og elles alt anna som gjer livet interessant, seier ho og ler.

Den eldre kvinna er glad for å ha ein telefonvenn.

Hanne Dahlsveen

Hanne Dahlsveen er ei av 180 frivillige som ringer til folk som er einsame.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

– Tenk å sitja heime i stova å vita at det snart kjem ein munter telefonsamtale til deg, og berre deg. Me kan snakka om alt som er kjekt og moro, fortel ho.

Og ho er ikkje åleine om å ha ein kvardag som til tider kan vera einsam.

I Norge er det om lag 200 personar som har ein telefonvenn. Og det er 180 personar som har meldt seg til teneste.

– Hei det er Hanne, korleis går det med deg.

– Dei har kanskje berre heimehjelpa som kjem på vitjing

21 år gamle Hanne Dahlsveen frå Stavanger er ei av dei som har to personar ho ringer til kvar veke.

– Eg har fått to gode venar på personleg plan. To snille medmenneske som er veldig OK, og eg trivest med å snakka med dei. Eg gler meg til å ringa dei, fortel ho.

Sjølv er ho blind og ho syns det gjer godt å bruka litt av tida si til nokon som treng det.

– Det er nokon som gler seg til du skal ringa, på den måten gjer du kvardagen lysare til folk som kanskje ikkje ser så mykje til andre. Hugs at fleire av Telefonkontakt sine brukarar er einslege eldre folk, som kanskje berre har heimehjelpa som dei einaste som kjem på vitjing, seier ho.

Treng fleire telefonkontaktar

Einsemd hos eldre fører ofte med seg sosial isolasjon og negative tankar, ifølgje Pensjonistforbundet. Ei undersøking viser at eldre som sjølv meinte dei var einsame, hadde 50 prosent høgare risiko for svekka funksjonsevne.

Øyvind Wold er organisasjonskonsulent i Telefonkontakt, han ser tendensar i samfunnsutviklinga som han ikkje liker.

– Nokon meiner at forbrukssamfunnet vårt har blitt eit egosamfunn der me tenker meir på oss sjølv enn på andre, seier han.

Han håper at fleire eldre eller uføre tar kontakt for å få ein person å snakka med over telefon.

– Eg har meir enn 20 personar, stort sett damer over 60 år, som ventar på ein kontaktperson som dei kan snakka med ein gong i veka.

Det er i alle fall noko Stensø håpar at folk gjer:

– Eg koser meg veldig når eg sit her klar med telefonen. Med ein gong eg høyrer 'god kveld frue' i andre enden er dagen redda, seier ho.