– Det var skyting, hyling og panikk

Olav Hopsdal var på veg til jobb og hamna midt oppe i skudddramaet under Nokas-ranet. Han sykla som vanleg over Domkirkeplassen i Stavanger, og trudde berre det var ei øving då han blei teken som gissel.

Olav Hopsdal var den einaste som blei teken som gissel under Nokas-ranet i 2004.
Olav Hopsdal

GISSEL: Olav Hopsdal blei kommandert ned på bakken av ranarane.

Foto: Ole Andreas Bø

– Då eg kom på jobb så sa dei; «Du er seine!». Då slengte eg hjelmen i veggen og sa, de veit fader ikkje kva eg har opplevd, seier Olav Hopsdal.

Han hadde god grunn til å kome for seint på jobben denne mandagen i den stille veka i 2004. Olav Hopsdal var nemleg den einaste som blei teken som gissel under Nokas-ranet for snart ti år sidan. No er han attende på plassen, og viser kva som skjedde då han sykla forbi ranarane.

– Eg blei kommandert bort av to væpna menn. Eg måtte sette sykkelen ifrå meg og blei beden om å legge meg ned med ansiktet ned og hendene bak ryggen.

Skjøna ikkje alvoret

Hopsdal skjøna først ikkje alvoret, og trudde lenge berre det var snakk om ei øving.

– Eg spurte først om det var ei øving, men det svarte dei ikkje på. Men så blei han eine ranaren, elle vaktmannen som eg trudde det var, skutt i låret, seier Hopsdal.

Dermed skjønte Hopsdal at det var alvor, og medan han låg på bakken utspelte dramaet seg i Stavanger-sentrum.

– Det var kraftig skyting, folk sprang og hylte, det var panikk.

Etter ti år pregar ikkje hendinga Hopsal i særleg stor grad, men det å hamna oppi norgeshistorias største og mest bruran har likevel sett spor.

– Det var skummelt og uverkeleg. Eg syntes også at var skummelt like etter ranet og. Eg måtte kikke meg over skuldra mange gonger då eg var ute og gjekk tur, eg tørte nesten ikkje kikke ut av stovevinduet heime og sjå ut på sykkelstien. Men alt kommer seg etterkvart, nå er det ikkje noko eg tenkar på til dagleg, avsluttar Hopsdal.

Laster kart, vennligst vent...

Slik skjedde Nokas-ranet 5. april 2004. Klikk på dei ulike punkta i kartet for meir informasjon om kva som skjedde ransmorgonen.