NRK Meny

Teken med pistol på torget

klokka 18.50 fekk politiet melding om at ein 46 år gamal mann med pistol i bukselinninga oppheldt seg på torget i Stavanger. Ein væpna patrulje kom til staden og arresterte mannen utan dramatikk. Våpenet viste seg å vera ein luftpistol. Mannen hadde ikkje truga nokon direkte, men vifta med våpenet. Vedkomande stod fram rusa melder politiet.