– Klokka tolv går me inn i ein ny tidsalder. Me blir det første distriktet på Vestlandet som tek i bruk naudnettet, seier seksjonsleiar for operasjonssentralen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt (HSPD), Terje Tonning.
Klokka tolv var det offisiell opning av naudnettet i HSPD.
– Det vil bety store endringar både for oss og for publikum. Publikum vil merka det fordi politiet no vil få eit samband med mykje betre dekning enn tidlegare, seier Tonning.
Avlyttingssikkert
Det nye sambandet skal også vera heilt avlyttingssikkert.
– Det betyr at me i mykje større grad, kan ta vare på personvernet. Fordi alt me snakkar om blir verande hos politiet, seier Tonning.
– Du er ikkje redd for at naudnettet kan bli hacka?
– Ser overhovudet ikkje den moglegheita.
Sjølv om politiet no tek i bruk naudnettet, vil dei ikkje skru av den gamle politiradioen.
– Nei, me skrur ikkje av endå. Me har framleis eit ansvar for dei distrikta rundt oss som ikkje har gått over til naudnettet. Så me vil framleis lytte på dei gamle kanalane og kan svare på dei, seier Tonning.
– Sikker på at det vil fungere
Politiet i HSPD har testa det nye naudnettet sidan 30. oktober, og Tonning føler seg trygg på at nettet vil fungere som det skal.
– Det er eg veldig sikker på. Det er med stor grad av tryggleik me no startar opp nettet, seier Tonning.
- LES OGSÅ:
Helse og brann er framleis ikkje klare til å gå over til det nye naudnettet. Men Tonning ser likevel ikkje det som problematisk, sidan dei framleis vil kunne kommunisere via det gamle analoge nettet.
- LES OGSÅ:
Rogaland politidistrikt skal etter planen ta i bruk naudnettet 15. desember.