Hopp til innhold

Taxisjåførar køyrer piratdrosje

To av åtte personar som er tatt for å køyre piratdrosje i Stavanger via Haxi-appen, er sjølv taxisjåførar.

Taxikø

Drosjenæringa er kritisk til bruk av Haxi-appen, men nå viser det seg at to taxisjåførar har tatt seg betalt gjennom denne ordninga

Foto: Hans Erik Weiby

– Det er eit tankekors at taxisjåførar brukar drosje-appen Haxi, og tar seg betalt for køyringa utan å ha løyve for det, seier politiadvokat Stian Eskeland ved Stavanger Politistasjon til NRK.

Stian Eskeland

Stian Eskeland er politiadvokat ved Stavanger Politistasjon

Foto: Arild Eskeland / NRK

Tre yrkessjåførar i Stavanger er tatt for å bruke Haxi-appen til piratkøyring for å tene pengar på si.

Vellukka aksjon

Åtte personar er hittil meldt til politiet. Fire har godtatt bota, dei andre sakene kan enda i retten.

Eskeland håpar at denne aksjonen kan setja ein stoppar for piratkøyring via Haxi-appen.

– Formålet med aksjonen var å avdekke ulovleg køyring etter yrkestransportlova, seier han, og lovar at sjåførar kan oppleve at politiet slår til fleire gonger i tida framover.

Kraftige bøter

Dei som er tatt får bøter på 8000 kroner. Skulle det skje at dei blir oppdaga på nytt, går bota opp til 10.000 andre gongen og 12.000 kroner for tredje brot på lova.

– Men skulle det vise seg at fleire tener store pengar på ulovleg måte, så vil politiet gå vidare, lovar Eskeland, og legg til;

– Dersom det kjem opplysningar om at køyringa har så stort omfang at den blir omfatta av momsplikta, kan etterforskinga også ta for seg skatterapporteringa.

Svein Svimbil

Svein Svimbil er leiar i Rogaland Taxi

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Sjokkert taxileiing

Svein Svimbil, leiar i Rogaland Taxi, er sjokkert over dei siste opplysningane.

– Eg synest det er veldig trist og tragisk at våre sjåførar, som er i bransjen, gjer noko som er så ulovleg som dette.

– Opplever du at det er flaut?

– Ja, flaut er det heilt klart. Me må be drosjeeigarane, som er arbeidsgjevarane til dei enkelte, å ta tak i dette. Det er den enkelte drosjeeigar som må følga opp sine tilsette, seier Svimbil.

Flere nyheter fra Rogaland