Hopp til innhold

Taxisjåfør til sjukehus etter overfall

Ein taxisjåfør er frakta til Stavanger universitetssjukehus etter han blei overfallen av to passasjerar. Politiet har teke to personar, som dei mistenker står bak ugjerninga.

Taxisjåfør overfalt

Klokka 04.25 natt til onsdag blei politiet varsla om eit overfall i ein taxi i Hafrsfjord i Stavanger.

– Det var taxisjåføren sjølv som ringde oss. Han hadde i tillegg utløyst overfallsalarm inn til drosjesentralen, fortel operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Kjetil Føyen.

Truleg brot i kjeven

Taxisjåføren, ein mann i byrjinga av 20-åra, hadde plukka opp to passasjerar i Stavanger sentrum. Då dei var ved Regimentvegen byrja problema fortel Føyen.

– Dei to passasjerane overfall sjåføren og banka han opp. Sjåføren har truleg fått eit brot i kjeven som følgje av overfallet.

Dei to mennene stakk av etter ugjerninga, medan sjåføren blei frakta med ambulanse til Stavanger universitetssjukehus.

Klokka ni opplyser sjukehuset at drosjesjåføren er lettare skadd og tilstanden hans er stabil.

To tekne

– Me kalla ut alt det me hadde av tilgjengelege politipatruljar for å leita etter gjerningspersonane. Ei lita stund etter tok me to menn i slutten av 20-åra ved Hottavikstraen, eit lite stykke unna, fortel operasjonsleiaren i politiet.

Dei to mennene hadde eigendelar, som blei funne i baksete på den aktuelle drosjen.

– Dermed er dei to mistenkte mennene kopla til gjerningsstaden, seier Føyen.

Politiet kjenner ikkje til kva som skal ha skjedd før overfallet på nåverande tidspunkt, men saka blir etterforska vidare.

Dei to mistenkte sit nå i arresten. Dei er kjenningar av politiet.