Hopp til innhold

Blei slått og tatt kvelartak på

Han opplevde sin verste dag på jobben for sju år sidan. Då blei drosjesjåføren angripen av passasjeren i baksetet.

Drosjesjåfør i bil, bildet er tatt frå baksetet, utsikten gjennom frontruta er ute av fokus
Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

– Det var ein kveld for nokre år sidan, truleg i 2010, at det kom ein mann og ei kvinne inn i bilen og ville at eg skulle køyra dei heim på kvelden.

Portrettbilde taxisjåfør Øyvind Egge frå Stavanger

Øyvind Egge blei angripen i taxien sin av ein kunde

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Øyvind Egge er 64 år og har 17 år bak seg som drosjesjåfør i Stavanger. Han kjenner godt til situasjonen som ein kollega av han blei utsett for i Oslo denne veka. Oslosjåføren blei angripen og skada av ein passasjer.

– Då me kom fram så var det tydleg at dei ikkje hadde nok pengar til å betala for turen, så etter ein diskusjon byrja eg å køyre dei tilbake til sentrum der eg hadde plukka dei opp.

Passasjeren byrja å slå

Først byrja mannen i baksetet, som sat på sjåførsida, å slå Egge i bakhovudet, medan han forlangte at bilen skulle stoppa. Då det ikkje skjedde gjekk han hardare til verks.

– Etter kvar tok han kvelartak på meg og vrengde hovudet mitt bakover mot nakkeputa. Bilen byrja å sjangla og eg heldt på å køyra ut av vegen, men eg fekk nå stoppa til slutt, minnes Egge.

Taxisjåfør med bilen på sida av seg

Hendinga i 2010 sit som klistra i minnet til sjåføren.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Og mannen gav seg ikkje med det. Han gjekk ut av bilen og opna døra til førarsetet. Derfrå prøvde han også å slå sjåføren, men etter ein kort kamp klarte Egge å få døra i lås.

– Då stakk dei to av, og det gjekk nok om lag 15 minutt før det kom ein annan drosje for å hjelpa meg, seier Egge.

Vil ha kamera

Egge kan ikkje forstå at Datatilsynet seier nei til at drosjane kan få installert videokamera i bilane. Det er den beste sikkerheita sjåførane kan ha meiner han.

– Det er kamera i bankar og i bussar og alle stader nå for tida, så kvifor skal drosjar vera eit unntak, undrar Egge.

Han seier at taxiar køyrer på offentlege stader, og at han som sjåfør må passe på at dei som ønskjer ein tur skal ha tilgang til dei.

– Men me skal liksom ikkje få lov til å beskytta oss. Det må vera noko feil her, seier sjåføren.

Vil ikkje sitje i ei boble

Trass i det som skjedde, ønskjer Egge å fortsetja som taxiførar i seks år til, fram til han er 70 år.

Han vurderer nok passasjerane endå nøyare enn før, spesielt på nattetid og i helgane, men han vil ikkje bli heilt innestengt av sikringstiltak heller, slik dei gjer det i England, med glasvegg og slikt.

Taxisjåfør ser ut sidevinduet og mot fotografen, frå bilen han sit i

Øyvind Egge meiner han blir stadig betre i å vurdere passasjerane. Er han ikkje trygg på dei, seier han nei til å køyre.

Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

– Me lever i eit ope samfunn i Norge og me har behov for den kontakten me får med kundane, seier Øyvind Egge.