Hopp til innhold

Taus oppringing var truga kvinne

Politiet i Haugesund fekk i natt ei oppringing på naudtelefonen, men i andre enden var det stille. Operatøren la likevel ikkje på, og etter kvart skjøna han at det var ei kvinne som var i fare.

Telefon

Ein vaken operatør oppfatta at ei kvinne var i fare, sjølv om det var stille i den andre enden.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Like før klokka fire i natt fekk politiet i Haugesund ein telefon på naudsambandet, men det var ingen som snakka i andre enden.

– Dette er ikkje uvanleg for oss. Som regel lyttar me litt på telefonen, og svært ofte er det ufrivillige oppringar som er gjort. Men i dette tilfellet så oppfatta operatøren at det kunne vera noko meir, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Knut Lyngholm.

Etter kvart kunne ein høyre ei gråtande kvinne og ein sint mann i den andre enden.

– På bakgrunn av dei lydane som dei etter kvart høyrde så valde politiet å sende ein patrulje til adressa som telefonen var registrert på, seier Lyngholm.

Kom med trugslar

Innringaren viste seg å vera ei kvinne i 20-åra på Karmøy. Ein mann var på besøk hos henne, men han var rusa og oppførte seg trugande mot kvinna.

Då kvinna ba han om å gå frå bustaden hennar, vart han sint og truga med å øydelegge inventaret i huset og med at han skulle banke henne opp.

Men politiet kom fram til staden før situasjonen utvikla seg til noko meir.

– Då politiet kom til staden vart mannen pågripen og sett i varetekt, seier Lyngholm.

Mannen hadde ein tablett ecstacy på seg då han vart arrestert og han er mistenkt for både å ha vore rusa på alkohol og narkotika.

Unngjekk ein farleg situasjon

Kva hadde det å seia at operatøren oppfatta at kvinna var truga?

– Det er vanskeleg å spå. Men det ville i i alle fall blitt ein situasjon, for det var ein trugselsituasjon. Det er vanskeleg å veta kva som ligg i enden av ein slik situasjon, men heldigvis så klarte me å unngå det, seier Lyngholm.

Mannen som no sitt i varetekt er ein kjenning av politiet.