Ferje krasja inn i fortaua hurtigbåt

Bilferja Bjørnefjord krasja tysdag ettermiddag inn i hurtigbåten Fjordrott ved hurtigbåtterminalen i Stavanger. Signalfeil på manøversystemet skal vera årsaka ifølgje regionssjef i reiarselskapet Tide Sjø, Gaute Gangenes.

– Det var bilferja Bjørnefjord som kom frå Tau og skulle leggja til ved Fiskepiren i Stavanger som fekk problem med manøversystemet, seier Gaute Gangenes i Tide Sjø som eig begge båtane.

Ingen personar skadde

I 14.30 tida kolliderte ferja derfor inn i den langt mindre hurtigbåten Fjordrått som låg til kai. Ifølgje politiet skal ingen personar ha blitt skadde i båtkrasjen.

– Skadane hurtigbåten fekk vil nok setja den ut av drift ei stund framover, seier Gangenes.

– Me vil nå ta alkotestar av mannskapet for å vera på den sikre sida, seier Gangenes.

Sjøfartsdirektoratet og spesialistar inspiserer nå begge båtane. Det er spesialistane som skal ha funne ein feil med manøversystemet på tauferja MS Bjørnefjord.

– Uhellet skuldast ein teknisk feil. Ferja MF Bjørnefjord hadde på grunn av denne feilen ikkje drift på alle propellane slik at det blei vanskar med styringa. Dermed rant den inn i MF Fjorddrott, seier Geir Gjesdal ved Rogaland politidistrikt.

Det er ikkje lenge sidan sist gong Tide Sjø har hatt problem med både Fjordrott og Bjørnefjord:

MF "Bjørnefjord"

Ferja Bjørnefjord går i rutetrafikk mellom Stavanger og Tau. (Arkivbilete)

Foto: Erik Ask

– Høyrde eit brak

Sigbjørn Vasstveit sat på kaia og venta på ferja då ulukka skjedde.

– Eg sat og kikka ein annan veg så høyrde eg eit brak. Då eg kikka bort forstod eg at det var Bjørnefjord som hadde krasja inn i Fjordrott.

Han seier at hurtigbåten fekk hol, men at ferja av stål klarte seg fint.

– Eg tenkte at dei hadde bomma når dei skulle leggja til kai, og rista berre på hovudet, seier Vasstveit.

Rute 2 i ferjesambandet Stavanger – Tau er innstilt kl. 14.30 frå Stavanger og avgangen kl. 1515 frå Tau innstilt opplyser driftsvakta ved Tide Sjø.

Klokka 16 kom driftsvakta med oppdatert informasjon om at også avgangen kl. 1600 frå Stavanger og avgangen kl. 1645 frå Tau er innstilt. Frå 17.30 skal båtane vera i normaldrift.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.