NRK Meny
Normal

Tatoverte for dyrebeskyttelsen

Sommaren er høgsesong for dumping av kjæledyr. Tatoveringssalongen Jolly Rogers Tattoo fann ut at dei ville hjelpa Dyrebeskyttelsen, og donerte ein heil arbeidsdag for å hjelpa dyra.

Jolly Rogers tatoveringsstudio på Bryne gav vekk ein heil dag med arbeid til inntekt for Dyrebeskyttelsen.

SJÅ REPORTASJEN: Denne gjengen tatoverte til inntekt for Dyrebeskyttelsen.

Katrine Rasmussen

GIR TIL DYRA: Katrine Rasmussen.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Då tatovør Katrine Rasmussen fann ein katt ute som ho sjølv ikkje kunne ta vare på, var Dyrebeskyttelsen Nord Jæren på plass på under to timar. Då bestemde Rasmussen seg for at ho ville donera ein dags inntekt frå tatoveringssalongen sin til ei god sak.

– Dei treng det sårt

– Det er for å hjelpa Dyrebeskyttelsen. Dei er heilt avhengige av veldedigheit. Me har dyr nesten alle som jobbar her, så det kjennest berre rett og rimeleg etter den tøffe sommaren dei har hatt. Dei treng dette sårt, seier Katrine Rasmussen, ein av eigarane i Jolly Rogers tatoveringsstudio på Bryne.

Sommaren er høgsesong for dumping av kjæledyr, og Dyrebeskyttelsen har hatt meir enn nok å gjera.

Tatoverte heile dagen

Dyrebeskyttelsen var strålande nøgde med at tatoveringssalongen gjorde dette, men dei var nervøse for kor mange som kom til å dukka opp.

– Me var veldig nervøse for om det i heile tatt kom folk, så det var kjempekjekt sjå at folk har stått her sidan klokka 07.30, seier Christina Olsson i Dyrebeskyttelsen Nord-Jæren.

Denne laurdagen hadde dei eit utval av små tatoveringar, og dei brukte toppen ein halv time på kvar kunde. Alle tatoveringane kosta 600 kroner, og når mange tatovørar jobbar heile dagen, då blir det pengar av det. Heile 39.000.

I tillegg gav folk kattebur, kattesand, klatrestativ, leiker og utstyr. Mange gav også pengar utan å tatovera seg.