Hopp til innhold

Tatoverte eit hjarta for kreftsaka

Robert Maurischat har lenge tenkt på tatovera eit hjarta på halsen. Då tatoveringsstudio over heile landet samla inn pengar til kreftsaka laurdag, nytta han sjansen.

Tatovering for kreftsaka

VIDEO: Sjå video med to av dei som tatoverte seg og med det støtta kreftsaka i Stavanger laurdag.

– Eg har hatt lyst på tatovering på halsen lenge, men visste ikkje heilt kva. Så dette var litt spontant. Men det er jo ofte det beste, seier Robert Maurischat.

Han ligg på benken i tatoveringsstudioet Royal Tattoos & Piercings i Stavanger, og er klar for å bli merka for livet.

– Eg har også lenge hatt lyst på eit hjarta, så dette var flaks, seier Maurischat.

Og slik blei det. I tillegg til hjarte-tatovering på halsen støtta han kreftsaka med 500 kroner.

Pengar til kampen mot barnekreft

Marianne Hofstad

Marianne Hofstad, eigar og dagleg leiar hos Royal Tattoos & Piercings i Stavanger.

Foto: Arild Eskeland

Tatoveringsstudio over heile landet har nemleg heile laurdag samla inn pengar til kampen mot barnekreft. Utvalde motiv gjekk for ein femhundrelapp og alle midlar gjekk direkte til kreftsaka.

– Me synst dette er ei veldig viktig sak å støtta opp om. For nokre år tilbake opplevde eg at eit vennepar blei ramma av kreft. Dottera fekk leukemi (blodkreft, jour. merk.) og eg såg kor tøft det var, seier eigar og dagleg leiar hos Royal Tattoos & Piercings i Stavanger, Marianne Hofstad.

For henne blei det sjølvsagt å bidra i kampen mot barnekreft når sjansen baud seg.

Me synst dette er ei veldig viktig sak å støtta opp om.

Marianne Hofstad, eigar og dagleg leiar hos Royal Tattoos & Piercings i Stavanger

Håpar på ny rekord

Hjarte-tatovering

Slik blei hjarte-tatoveringa til Robert Maurischat.

Foto: Arild Eskeland

Gjennom heile dagen har pågangen vore stor og bestillingslistene fullbooka. Drop-in har blitt gjort innimellom bestillingane.

– For meg var det ein samanheng mellom kreftsaka og at eg er glad i tatoveringar. Men å støtta ei god sak var det viktigaste, seier Hege Sivertsen, ei av mange som fekk ny tatovering i Stavanger.

Den internasjonale barnekreftdagen er 15. februar, men dei som er med i prosjektet «Kroppskunst mot barnekreft» markerte dagen alt laurdag. Det er fjerde året på rad tatoveringsbransjen samlar inn pengar til Barnekreftforeininga.

I 2015 blei det samla inn over 590.000 kroner, noko som var rekord. Hofstad veit ikkje kva som blei samla inn i år, men håpar på ny rekord.