NRK Meny
Normal

Tar opp kampen mot unge kriminelle

Politiet trur at om lag 100 ungdomar er med i eit veksande kriminelt miljø i Sandnes. No tar politiet grep, saman med kommunen.

Politi på Ruten i Sandnes

Ruten på Sandnes har i fleire år samla unge kriminelle. No vil politiet slå ned på det.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Synleg politi på Ruten har blitt kvardagen i Sandnes. Dei følgjer med på ungdomsgjengane som bruker Ruten-området fast. Politiet veit dei har kontakt med kriminelle miljø.

– Det er eit knutepunkt for Sandnes by, og dermed så er det mange grupperingar som møtes der, seier fungerande politistasjonssjef i Sandnes, Bjart Larsen.

– Meir valdelege

Politiet vil stoppe unge som er på veg til å bli kriminelle så tidleg som mogleg, men problemet har vore sterkt aukande.

Politiet reknar med at bortimot hundre unge mellom 15 og 25 år tilhøyrer det såkalla Rutenmiljøet, og det er spesielt aust-europeiske ungdomar som finn vegen til trafikk-knutepunktet.

Bjart Larsen

Bjart Larsen er fungerande politistasjonsjef, og uroa over dei mange unge kriminelle i Sandnes.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Me opplev at dei tyr raskare til vald, både seg i mellom og at dei kjem i konflikt med andre. Og dette vil me ikkje ha noko av, det skal ikkje vera slik, seier Elisabeth Vorland, leiar U18, Sandnes politistasjon.

Jobbar tett på miljøet

Også i kommunen er dei uroa over utviklinga. I samarbeid med politiet driv dei no aktivt oppsøkjande verksemd mot unge i faresona.

Kristin Øye Stien

Kristin Øye er SLT-koordinator i Sandnes og seier dei jobbar tett på miljøet.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Me har oppsøkjande ungdomsarbeidarar som jobbar tett på miljøet. Dei kjenner til både ungdomane og foreldra. Og prøver å få bukt med og hindre andre frå å bli ein del av miljøet, seier Kristin Øye Stien, SLT-koordinator i Sandnes kommune.

Har påpeika problemet før

Pål Morten Borgli

Varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli, er glad det blir sett i gong tiltak.

Foto: NRK

– Eg stilte spørsmål om dette for to år sidan, og då fekk eg beskjed om at det ikkje var eit problem. No får eg det bekrefta. At det blir sett i gong tiltak for å bekjempa det er eg veldig glad for, seier varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli.