Hopp til innhold

Tar heller bilen

Folk i Stavanger-området reiste mindre kollektivt i 2009 enn innbyggjarane i andre byområder.

Kolumbuskort
Foto: Siri Bjelland Berven / NRK

I 2009 reiste kvar person i Stavanger-regionen kollektivt 64 gonger i året. Dette syner tal frå Statistisk Sentralbyrå. Stavanger-regionen blir her rekna som folk busett i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kommunar.

Til samanlikning var talet for Bergensområdet (Bergen, Askøy, Fjell og Os kommunar) 84 kollektivreiser per person, medan talet for Oslo var 101.

Tromsø toppar statistikken med 103 reiser, i Trondheimsområdet reiste kvar person i snitt 95 gonger med kollektivtransport, medan Kristiansand (med Vennesla, Songdalen og Søgne kommunar) hadde 84.

Aukande

Sjølv om tala for Stavanger-regionen er låge, samanlikna med andre storbyområde, var det fleire som reiste kollektivt i 2009 enn i 2008.

Ei kollektivreise blir rekna som ei påstiging per innbyggjar. Alle kollektivbedrifer innan rutebilnæringa, rutebåtnæringen, sporvogn, T-bane og jernbane er med i statistikken. Reine skuleruter, Hurtigruta og ferjer tel ikkje med i statistikken.