Hopp til innhold

Forsvararen til drapssikta: – Han forstår ikkje korleis han skal koma seg gjennom dette

I dag fekk mannen, som er sikta for å ha drepe kona si, Agnes Elisabeth Müller, beskjed om at han skal sitja dei neste to vekene i full isolasjon.

Åna fengsel

Ektemannen til den sakna Agnes Elisabeth Müller har sidan måndag sitte arrestert i Åna fengsel sikta for å ha drepe kona si. I går blei det avgjort at han skal sitja fire veker i varetekt, to av vekene i full isolasjon.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Ørjan Eskeland

Ørjan Eskeland er forsvararen til den drapssikta mannen.

Foto: Anders Fehn / NRK

I går blei det avgjort at den 34 år gamle mannen, som er sikta for å ha drepe kona si, Agnes Elisabeth Müller, i Forsand i Rogaland, skal varetektsfengslast i fire veker. To av dei i full isolasjon. I dag fekk forsvarar, Ørjan Eskeland, vidareformidla beskjeden til den sikta via telefon.

– Han tar dette veldig tungt og seier at han ikkje forstår korleis han skal koma seg gjennom det, fortel Eskeland til NRK.no torsdag morgon.

Barna er tekne hand om

Agnes Elisabeth Müller har vore sakna sidan onsdag 16. april. Det var ektemannen hennar som melde ho sakna til politiet, men dei vil ikkje sei når dette skjedde, sjølv gjekk ikkje politiet ut med etterlysing før tysdag 22. april.

Det tyske paret, som har budd fleire år i Norge, er busett i Forsand og her har det blitt leita etter Müller i vatn og på land utan resultat.

Agnes Elisabeth Müller

Agnes Elisabeth Müller har vore sakna sidan onsdag 16. april.

Foto: POLITIET

Måndag blei ektemannen hennar sikta for å ha drepe kona si, noko han nektar for. Saman har dei to barn, som nå er tekne hand om av barnevernstenesta.

– Dei er godt tekne hand om av nokon paret kjenner frå før, men det er heilt klart svært tungt for klienten min å vera vekke frå barna, seier Eskeland.

Nå skal han vera to veker i fullstendig isolasjon med forbod mot tilgjenge til TV, aviser, radio og internett.

– Han får berre korte luftepausar mellom fire betongveggar og eit gitter på toppen. I tillegg får han ikkje snakka med andre innsette. Når han i tillegg har denne saka å tenka på er det klart at dette blir tungt, seier forsvararen.

Nye avhøyr i dag

Seinare i dag skal Eskeland treffa klienten sin på Åna fengsel. Dei skal då inn i nye avhøyr med politiet.

Tidlegare har Eskeland uttalt at klienten hans har formeiningar om kor Agnes Elisabeth Müller kan vera, men har ikkje ønskt å utdjupa dette. Dette kan bli eitt av emna som skal opp i avhøyret i dag.