Hopp til innhold

Tar avstand frå Sandberg-kommentarane

– Me ønskjer ikkje å stå bak utsegnene Per Sandberg kom med i går, seier fylkesleiar i Rogaland Frp, Kari Raustein.

Sandberg og Raustein

Fylkesleiar i Rogaland Frp, Kari Raustein, tar sterk avstand frå utsegnene til partikollega Per Sandberg.

Foto: NRK/Scanpix

Raustein understrekar at ho snakkar både for sin eigen del og for heile Rogaland Frp.

– Eit enkeltparti har ikkje ansvar for terror og ekstreme handlingar i krig. Dette er eit ansvar dei som utfører desse handlingane må ta, seier Raustein til NRK.

Det var i radioprogrammet Politisk kvarter på NRK P2 torsdag Frp-nestleiar Per Sandberg sa at KrF med sin retorikk har eit stort ansvar for at unge menneske født og oppvaksne i Norge reiser ut og «massakrerer barn og kvinner».

– Heller ikkje grasrota står bak utsegnene

Sandberg har berre delvis beklaga utsegnene sine, noko som har provosert KrF-leiar Knut Arild Hareide kraftig. Han meiner utsegnene er «veldig øydeleggande for samarbeidet» regjeringa har med Venstre og KrF.

– Mi oppfatning er at heller ikkje grasrota i partiet står bak utsegnene til Sandberg, seier Raustein.

Frp-leiar Siv Jensen sa til NRK tidlegare i dag at Sandberg gjekk over streken med kommentarane sine, men at ho synst beklaginga var god nok.

– Synst du beklaginga til Sandberg var god nok, Kari Raustein?

– Det var ei ærleg beklaging, og eg håpar også KrF tar den slik, seier ho.

– Ikkje mistillit mot Sandberg

Raustein er for tida stortingsrepresentant (vara for Roy Steffensen som er i pappapermisjon, jour. merk). Inntrykket hennar er at partikollegaer generelt ikkje støttar utsegnene til Sandberg.

– Er det mistillit mot Sandberg innad i partiet?

– Nei, det er ikkje mistillit. Eg håpar beklaginga blir tatt slik den var tenkt.

Raustein meiner det er viktig å ta vare på samarbeidsavtalen Høgre og Frp har med Venstre og KrF.

– Avtalen er god og det er viktigare at me fokuserer på godt samarbeid enn å riva kvarandre ned.

Raustein håpar også Frp sitt samarbeid med KrF i fylkespolitikken i Rogaland kan halda fram som før.

– Eg håpar me kan fokusera på god politikk og felles mål.