NRK Meny
Normal

Droppar klassetur på grunn av lærarstreiken

På Hetland videregående skole i Stavanger har dei sett i gang tiltak for å få tilbake undervisinga som gjekk tapt under lærarstreiken. Derfor kuttar dei ut sosiale tiltak og brukar av elevane si fritid.

Torolv Hellemo

Rektor på Hetland vgs, Torolv Hellemo, har valt å kutta ned på sosiale tiltak for at elevane skal få tilbake undervisinga dei har tapt på lærarstreiken.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Benedicte Olsen Øyås
Foto: Kaj Hjertenes / NRK
Ida Emilie Lie

Benedicte Olsen Øyås (oppe) og Ida Emilie Lie er klare for fleire ekstratimar.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Elevane ved dei streikeramma vidaregåande skulane får nå ekstraundervisning, for å ta att det dei tapte av undervising under lærarstreiken. Ved Hetland vidaregåande skule i Stavanger, tar dei sikte på å ta inn om lag ei veke med undervisning. Undervisinga skal intensiverast.

– Me bruker av elevane si fritid under skuledagen. Timeplanen er lagt over førti timar, men elevane skal berre ha tretti, derfor er det ein del å ta av her. Elles finst det studietid som me vil bruka til undervising, seier rektor ved Hetland vgs., Torolv Hellemo.

Dei vil også kutta ned på sosiale tiltak, til fordel for meir undervising.

– Me tar sikte på å redusera utanomundervisingtiltak derfor går ein tur til preikestolen med tredjeklassen ut, så tar me heller att undervising denne dagen, seier han.

– Kva tenker du om det?

– Det er litt dumt med tanke på sosialisering av elevar, men det går bra, seier rektoren.

Elevar positive til ekstraundervising

Og elevane NRK.no har snakka med på Hetland vidaregåande skule tar ikkje ekstraundervisinga tungt. Ida Emilie Lie går i tredje klasse.

– Dette er det viktigaste året me går på skulen, så om det er nødvendig med ekstraundervising er eg villig til å ofra litt, seier ho.

Ho har merka den forseinka starten heilt frå dag ein.

– Eg merkar det på måten lærarane har teke oss i mot på. Det har vore eit rush heilt frå starten, seier ho.

Både ho og skulevenninna Benedicte Olsen Øyås er klare for fleire ekstratimar. Derimot er dei meir kritiske til den friviljuge ekstraundervisninga på ettermiddagstid mellom halv tre og halv fire.

Joar Loland, direktør for opplæring i Rogaland fylkeskommune

Joar Loland, direktør for opplæring i Rogaland fylkeskommune.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– På Hetland har me studieøkter, og i desse timane har me moglegheit til å gå til undervising i dei faga me vil. Det er betre å bruka studieøktene enn etter skuletid sidan mange har jobb eller andre ting etter klokka tre, seier ho.

Rektoren deira rosar innsatsen frå både elevar og lærarar i denne spesielle tida.

– Dei har vore topp motiverte etter skulen starta, så eg trur me har henta inn ein god del berre på det, seier Hellemo.

Fylkeskommunen betalar

Rektor, Torolv Hellemo, reknar med at ekstraundervisinga vil kosta meir enn ein million kroner med tanke på utbetaling av overtidspengar til lærarane. Og i dag har rektorane i Rogaland, frist til melde frå om kor mykje ekstra pengar dei treng til dette.

Joar Loland er direktør for opplæring i Rogaland fylkeskommune, han seier at tilbakemeldingane frå skulane har vore varierande.

– Ein klasse har hatt full opplæring i matte i to veker, medan andre ikkje har hatt ein time. Nokon seier at dei ikkje har tru på ekstraundervising, men heller styrking av rettleiing, seier han.

Same korleis skulane har valt å løysa dette, seier han at dei skal strekka seg langt for å betala skulane.

– Det er mange som vil ha av pengane som me har spart under streiken, men me er opptekne av å finna pengar til ekstraundervisinga, seier Loland.