Hopp til innhold

Tapte i retten etter å ha gjort lydopptak på jobben

STAVANGER TINGRETT (NRK): Kvinna meiner ho gløymde lydopptakaren på personalrommet ved eit uhell, men det trur ikkje retten noko på: Dei meiner det var rett av Stavanger universitetssjukehus å gi ho sparken.

Kvinne i Stavanger tingrett

I Stavanger tingrett fortalde kvinna om ein arbeidskvardag der ho følte ho måtte ta opptak for å sikre at folk ikkje spreidde løgner om henne.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

«Eit grovt overtramp mot kollegaer og pasientar», står det skrive i dommen frå Stavanger tingrett.

Kvinna fekk sparken i januar etter å ha gjort opptak av ein samtale der ho sjølv ikkje var til stades. Ho gjekk deretter til sak mot Stavanger universitetssjukehus (SUS) for å få jobben sin tilbake.

No er dommen klar. Stavanger tingrett meiner SUS hadde rett til å gi ho sparken.

– Vi er nøgde med dommen frå tingretten, seier Helga Strand Vestbø,
kommunikasjonsdirektør ved SUS.

Kvinna, som jobba i vaksenpsykiatrien, har heile tida meint at alt var eit uhell. Ho skrudde på lydopptakaren på telefonen under ein samtale på personalrommet 26. desember i fjor, men gløymde telefonen då ho i all hast måtte ut på eit oppdrag i Stavanger. Og telefonen heldt fram med å gjere opptak av det som vart sagt på personalrommet.

Tingretten trur ikkje på forklaringa til kvinna.

«Retten meiner det er meir truleg at kvinna lét telefonen bli verande i rommet og stå på opptak, medan ho sjølv reiste ut med ein pasient, med vilje for å skaffe seg opptak av samtalane til kollegaene sine.»

Fleire lovbrot

Det sentrale her er at kvinna tok opp ein samtale ho sjølv ikkje var med på. Det er ulovleg. Det er ikkje ulovleg å gjere opptak viss du sjølv deltar.

Men det er ikkje berre dette lovbrotet som retten ser alvorleg på. Det vart ofte snakka om pasientar på personalrommet, så kvinna kan ha gjort opptak av helseopplysningar. Å ha helseopplysningar utan at det er grunngitt i helsehjelp er brot på helsepersonellova.

I tillegg legg retten vekt på at handlinga bryt med «vanlege forventningar til ein arbeidstakar».

– Dommen var ikkje som venta, så vi er usamde i resultatet, seier LO-advokat Edvard Bakke, som representerer kvinna.

Edvard Bakke

Edvard Bakke er advokat for kvinna.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Advokaten meiner retten forstår jussen feil. Sidan saka vart etterforska av politiet og lagt bort på grunnlag av bevisstillinga, så meiner Bakke at Helse Stavanger ikkje kan bruke den same hendinga som grunnlag for oppseiinga.

– Dette har ikkje tingretten forstått på rett måte, seier han.

Bakgrunnen for at kvinna gjorde opptaket er ein langvarig arbeidskonflikt. Det heile toppa seg då det i ei såkalla faktaundersøking kom fram påstandar og skuldingar frå kollegaer om at kvinna var skuld i det dårlege arbeidsmiljøet på klinikken.

Ville verne seg

Ho meiner ho tok opp samtalen på personalrommet fordi ho ville verne seg mot klager frå kollegaer og leiing.

Retten meiner likevel at dette står fram som ein underleg måte å verna seg sjølve på.

Tingretten forstår at ei oppseiing vil ramme ho hardt, men finn ingen grunn til å legge avgjerande vekt på dette. Kvinna er sjølv open for å bli omplassert til ei anna avdeling ved SUS, men retten meiner overtrampet mot leiinga og pasientar gjer dette umogleg.

Kvinna blir òg dømd til å betale saksomkostningane på 481.781 kroner.

Bakke seier dei ikkje har bestemt seg for om dei skal anke eller ikkje.

– Det er eit kraftig press å stå i ein rettsprosess, så vi må vurdere korleis vi skal handtere det.