NRK Meny
Normal

Tapte 125 millionar med AS-modell

Fleirtalet i fylkespolitikken i Rogaland vil gjera om kollektivselskapet Kolumbus til eit aksjeselskap. Det har dei alt gjort i Sør-Trøndelag. Der blei underskottet 125 millionar kroner i fjor.

Rutetilbudet til Atb skal vurderes

Kollektivselskapet i Sør-Trøndelag heiter AtB og er organisert som eit aksjeselskap

Foto: Stein Roar Leite

Etter rekordunderskottet på 125 millionar kroner har eigaren Sør-Trøndelag fylkeskommune, skifta ut styremedlemmane i kollektivselskapet. Likevel ligg det an til at underskottet blir 108 millionar kroner for 2014

Men det er nettopp denne makta som eigaren har med aksjeselskapsmodellen, å kunne skifte ut styret og få inn ny kompetanse når det er bruk for den.

 Thorhild O. Aabergsbotten

Torhild O Aarbergsbotten er nestleiar i Samferdselsstyret i Sør-Trøndelag fylkeskommune. Ho representerer partiet Høgre

Foto: Frank Almås / NRK

Det seier høgrepolitikar Torhild O. Aarbergsbotten, som er nestleiar i Samferdselskomitéen i Sør-Trøndelag.

Andre årsaker til underskottet

Aabergsbotten er klar på at det dårlege resultatet ikkje har noko med korleis kollektivselskapet er organisert. Det skuldast ein kombinasjon av sterk auke i passasjertalet i Trondheim, at eit distriktsanbod på buss blei uheldig forma ut og at det nyaste anbodet på hurtigbåtar blei dyrare enn rekna med, fortel Aabergsbotten.

Men burde ikkje styret i selskapet, med profesjonelle styremedlemmar, ha sett denne utviklinga og ha varsla om dette og gjort noko med det?

– Det kan me vera heilt samd i at det burde dei ha gjort. Og det er også ein av årsakene til at me nå har eit nytt styre.

Viser at dette ikkje fungerer

I fylkespolitikken i Rogaland er det Frp, Høgre og KrF, som går inn for å gjera om kollektivselskapet Kolumbus frå eit fylkeskommunalt selskap til eit aksjeselskap frå nyttår. Det betyr i tilfelle at selskapet sjølv bestemmer kva bussbillettane skal kosta og at det også er selskapet som bestemmer kva ruter som skal køyrast.

Tom Tvedt, gruppeleiar for Ap i fylkestinget i Rogaland

Tom Tvedt, gruppeleiar for Ap i fylkestinget i Rogaland

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Hovudproblemet då er at kollektivtrafikken blir fjerna frå politikarane sitt ansvarsområde, og slik vil ikkje Arbeidarpartiet ha det.

Det seier Tom Tvedt, som er gruppeleiar for Ap i fylkestinget i Rogaland.

– intensjonen var å få tak i profesjonelle folk som kunne drive kollektivtrafikk. Det viser jo eksempelet frå Sør-Trøndelag at dei ikkje har klart, legg han til.

Held fast på AS-modellen

Trass i at minustala i kollektivtrafikken i Sør-Trøndelag er rekordhøge, så held Torhild O. Aarbergsbotten fast på at aksjeselskap-modellen er den rette.

– Me har gått nøye gjennom eigarformen i samband med analysen av underskottet i fjor og i år, fortel ho.

Likevel har fleirtalet i fylkespolitikken i Sør-Trøndelag konkludert med at AS er det beste.

Eg vil anbefale politikarane i Rogaland å gå inn for eit aksjeselskap, seier Aarbergsbotten. Det gir ein ryddigare måte å drifte selskapet på. Fylkeskommunen er då eigar og bestillar og så er det ein profesjonell organisasjon som tar seg av den daglege drifta, avsluttar ho.