Hopp til innhold

No er det seglskutefest i Sirevåg!

– Kongen var i Sirevåg for 20 år sidan for å opna kyrkja. Tall Ships Races er aldeles mykje større!

Den russiske seglskuta Shtandart

FYRTE AV SALUTT: Den russiske seglskuta Shtandart fyrte av ein salutt då den ankom Sirevåg hamn.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Anne Berit Berge Ims

RÅDMANN I HÅ: Anne Berit Berge Ims.

Foto: privat

Anne Berit Berge Ims, rådmann i Hå kommune, er frå seg av begeistring for at seglskutene som deltek i Tall Ships Races tek turen innom Sirevåg under årets seglas.

– Dette er svære greier! Me har gleda oss lenge til å invitera heile regionen til vakre, vesle Sirevåg. Det blir utruleg kjekt, seier ho entusiastisk.

– Som om Kaptein Sabeltann segla inn

Allereie i går kveld kom den første båten, russiske Shtandart inn til hamn, og det gjekk ikkje stille for seg.

– Det var eit syn av dimensjonar. Han kom med salutt, så det var akkurat som å få Kaptein Sabeltann inn i Sirevåg. Den båten skal ut ein tur i dag, og skal ha salutt når han kjem inn att, så det gler me oss veldig til, seier Svein Arve Nygård i komiteen.

Rekekos på Tall Ships Races i Sirevåg

REKEKOS I HAMNA: Arrangørane håpar på 3000 besøkjande i hamna i Sirevåg i dag.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Håpar på 3000

I løpet av onsdagen kjem det tre skip til, så totalt fire skip skal vera med på å laga folkefest i Sirevåg i dag.

– I Aalborg i Danmark var det for fire år sidan 700.000 menneske. Får me så mange blir det nok kaotisk, men får me ein prosent av det, så blir me veldig nøgde. Me har vel rekna med eit par-tre tusen besøkjande. Me trur at dette toppar det meste som har vore i Hå, og i alle fall i Sirevåg, seier Svein Høyland (Sp) i festkomiteen.