Hopp til innhold

– Taggaren må ha hatt gode nerver

I dag skulle Øystein Bache frå Stavanger sjå Kjeragbolten for første gong i sitt liv. Det som møtte han var eit litt anna syn enn det han tidlegare har sett på frimerke og postkort.

Kjeragbolten med tagging

Dette var synet som møtte Øystein Bache og sonen hans då dei gjekk til Kjerag i Rogaland torsdag føremiddag.

Foto: Øystein Bache

Kjeragbolten med tagging

Spraymålinga var ifølgje Bakke fuktig. Han trur derfor at den gule skrifta som seier 'Du e for god' nyleg har blitt har kome på bolten.

Foto: Øystein Bache

Meldinga var uskuldig, men likevel følte Øystein Bache at tagginga som har kome på Kjeragbolten ved Lysefjorden øydelegg for naturopplevinga.

– Eg skulle likt å visst kven som har gjort dette, han må ha hatt gode nervar, seier Bache.

Ein perfekt dag

Bolten ligg nemleg kilt i ei kløft i fjellet heile 1000 meter over Lysefjorden i Rogaland og er ein av dei mest kjende turistattraksjonane i Rogaland.

Det er flest folk som reiser til Kjerag om sommaren, men torsdag var solvêret strålande og Bache reiste frå hytta si i Ådneram saman med sonen sin i ti-tida.

– Det var ein kjempeflott dag å reisa til Kjerag på og det var min første gong. Me møtte berre fem til seks menneske, det var seksten grader, vindstille og spegelblankt på Lysefjorden, seier Bache som saman med sonen gjekk i shorts og t-skjorte.

Kjeragbolten

Slik ser Kjeragbolten ut på frimerke. Utan gul skrift vel å merka.

Foto: Posten

Men idyllen skulle ikkje vara. For då dei kom til eit av høgdepunkta på turen fekk dei seg ei overrasking.

På Kjeragbolten står det skrive «Du e for god» i store gule bokstavar.

– Meldinga er i og for seg uskuldig, men det øydela litt av naturopplevinga, seier han.

Forstår ikkje at folk gidd

Han fekk tatt bilete av steinen og fortel også at han møtte ei kvinne som nærmast var sjokkert over at nokon har funne på å grisa til Kjeragbolten.

Ifølgje Stavanger Aftenblad, som først fortalde om den uvanlege tagginga, er det grunneigar sitt ansvar å fjerna skrifta.

– Eg forstår ikkje at nokon gidd å gå så langt for å tagga, seier leiar i naturvernforbundet i Rogaland Eirin Hivand Haneberg til avisa.

Ho har ikkje forståing for påfunnet og kallar det småleg.

Tagging på Kjeragbolten

Slik ser Kjeragbolten ut i dag.

Foto: Øystein Bache