Hopp til innhold

Tabbar seg ut, men er likevel best

FK Haugesund-keeperen gjer ein stor tabbe i 0–2 kampen mot Sandefjord. Likevel meiner fleire han var den beste spelaren på FKH-laget.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord - Haugesund (2-0).

Per Kristian W. Bråtveit rydda godt opp i feltet mot Sandefjord, med eitt unntak.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– For min eigen del så plukkar eg alt som kjem i feltet i første omgang. Men i andre så bommar eg på ein, og då er det den som blir snakkisen, seier FKH-keeper Per Kristian W. Bråtveit.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord - Haugesund (2-0).

Trenaren meiner at FKH-keeperen har tatt store steg i feltarbeidet denne sesongen.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Han måtte to gonger plukka ballen ut av nettet, etter at FKH tapte 0–2 på bortebane mot Sandefjord, laurdag kveld. Det første målet etter 57 minutt, hugsar han veldig godt.

– Eg ser at Sandefjordspissen Abdoulaye Seck kjem inn i duellen der, og då bestemmer eg meg for å boksa. Eg veit ikkje kva som skjedde, kanskje eg boksa hol i lufta? Det er uansett ikkje godt nok og veldig kjedeleg når kampen står og bikkar der som han gjer, seier Bråtveit.

Kjeftar ikkje på keeperen

FKH-trenar Eirik Horneland synest det er trist at keeper Bråtveit tapte duellen i feltet, som førte til 0–1 skåringa, men han meiner at Bråtveit har gjort store framsteg i feltet denne sesongen.

Eliteserien fotball 2017: Sandefjord - Haugesund (2-0).

Sandefjordspissen Abdoulaye Seck blei for tøff for FKH-keeperen ved eitt høve i kampen.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Det var ein kamp som stod og vippa. Det er slik at det laget som får det første målet, i slike kampar, ofte vinn kampen til slutt, seier han.

At FKH tapte kampen var greitt nok, denne gongen.

– Me hadde ein dobbeltsjanse som me ikkje skåra på. Det gjorde Sandefjord då dei fekk sin sjanse, og dei kontra oss i senk med det andre målet, seier Horneland.

Satsar på ein roleg 16. mai

Keeper Bråtveit er glad for at det berre er tre dagar til neste kamp.

– Så får eg ikkje tid til å deppa så veldig mykje, seier han.

Han reknar også med at heimekampen mot Odd, den 16. mai, blir annleis enn Sandefjord-møtet.

– Me skal stramma opp defensivt før neste kamp mot Odd. Så skal me også få det til å flyta litt betre offensivt. Me vil vera eit offensivt lag, spesielt heime, seier Bråtveit.

Tar oppteljing på måndag

FK Haugesund kjem ikkje til å stilla med alle sine beste spelarar på tysdag, det innser trenar Horneland etter bortekampen i Sandefjord.

– Kapteinen vår, Filip Kiss er ute, for han fekk sitt tredje gule kort. Liban Abdi fekk ein vriding i kneet og kan også vera ute. Så får me sjå om det er ein eller fleire av dei skadde spelarane som er klare igjen til 16. mai kampen mot Odd, seier trenaren.