Hopp til innhold

Ta vårsjekken nå

For å sikra deg ein problemfri sesong og ein trygg sykkel til Nordsjørittet, er det viktig å gå over sykkelen nå.

sykkelreparering
Foto: John Gunnar Skien / NRK

Viss du ikkje kan eller vil gjera det sjøl, begynner det å hasta. For sykkelreperatørarne har det travelt.

-Det er kaotisk, seier sykkelteknikar Kurt Sigve Haarr på Sykkelcenteret på Sola.

Sykkelbransjen merkar godt at Nordsjørittet har rekordmange deltakarar i år. Det har vore stor pågang sidan årsskiftet, fortel Haarr.

-Bremsene er det viktigaste


Viss du har sykkel utan skivebremser, er det lett å sjå om klossane bør skiftast. Klossane er nemleg laga med tydelege striper på sidene, seier Haarr. Jo større slitasje, jo mindre er det igjen av stripene. Det er dessutan viktig å justera bremsene slik at klossane slepp taket i felgen når du ikkje bremser.

Unngå glipptak


Lite er så irriterande som bakglatte ski. Like frustrerande er det med glipptak på sykkelen. Då er truleg drivverket utslitt. Eit sykkelkjede – eller kjetting om du vil – bør byttast når det har gjort jobben sin. Viss du ventar for lenge, kan det øydelegga tannhjula både framme og bak på sykkelen. Då blir det fort kostbart. – Kom gjerne innom for ein gratis sjekk av kjedet viss du er usikker. Det svarer seg å vera litt i forkant og unngå meir alvorlege slitasjeskader, seier Haarr.

Ikke vent for lenge med vårsjekken
Foto: John Gunnar Skien / NRK

Smør på – bli kvitt fuglane!


-Eg smører til alle fuglane er vekke, flirer Haarr. Han siktar sjølsagt til det umiskjennelege lyden av eit kjede som roper etter å bli smurt. Alle bevegelege delar treng olje for å sikra deg gode stunder på sykkelsetet; sørg for at både girsystemet og drivverket ikkje tørkar opp. Men vær ekstra forsiktig viss du har skivebremse. Det er fort gjort å spraya olje på , og då risikerer du å mista bremseeffekten. Resultatet blir ofte at klossane må skiftast.

Sjekk dekka


Dekka har ei minimums- og maksimumsgrense for lufttrykk. Fyller du til maksgrensa, rullar sykkelen lettare. Men til gjengjeld kjenner du småstein lettare. Det blir ein smakssak, meiner sykkelteknikaren. Og det er også delte meiningar om kva dekk som passar best i Nordsjørittet. Sjøl sel han mest av dekk som er glatte i midten, men med knastar på sidene – og offroad-dekk med låge knastar. Då rullar du godt samtidig som du får godt grep på grus.

Bestill tid nå!


Viss du ikkje kan eller vil ta vårsjekken sjøl, er det god hjelp å få hos sykkelforhandlarane. Men det er stor pågang og vær tidleg ute. – Ikkje vent til dagen før Nordsjørittet, seier Haarr. Det kostar noen hundrelappar, men ikkje la sykkelen vera den som hindrar deg i å gjennomføra rittet!