Hopp til innhold

Syklistar vil ha gratis buss under fjordane

Med stadig fleire undersjøiske tunnelar blir det vanskeleg for syklistar å ta seg fram. Nå vil dei kunna ta bussen gjennom tunnelane utan å betala.

Rogfast

Når Rogfast opnar, blir det vanskeleg for syklistar å krysse Boknafjorden. Difor vil dei ha gratis plass på bussen for seg og sykkelen.

Foto: Illustrasjon: Statens Vegvesen

– Me vil ha same vilkår som elbilar har i tunnelar og bomstasjonar, seier Skjalg Omdal. Han er leiar for Syklistenes Landsforening i Rogaland.

Bakgrunnen er at det er vedteke fleire planar for fjord-krysning langsmed viktige transportårer på Vestlandet. I Rogaland gjeld det framfor alt Rogfast og Ryfast..

Ryfast-trase

Slik blir Ryfast.

Foto: Statens vegvesen

Rogfast og Ryfast er to undersjøiske tunnelar som skal erstatta to ferjesamband i Rogaland. Ryfast blir nå bygd mellom Ryfylke og Nord-Jæren. Prosjektet blei vedteke i juni 2012, og det første spadestikket blei teke månaden etterpå.

Rogfast

Slik blir Rogfast.

Foto: Statens Vegvesen

Rogfast på 25 kilomoter blir verdas lengste undersjøiske tunnel, og har fått ein pris på 10,2 milliardar kroner. Rogfast skal gå frå Randaberg til Vestre Bokn, byggestart er tidlegast i 2015

– Me er uroa for at nedlegging av ferjesamband vil hindre syklistar i å krysse fjordar langs fleire trasear i fylket, seier Omdal.

LES OGSÅ:Sikkerheit i tunnelane

Vil køyra gratis på bussen

På fylkesårsmøtet måndag gjer difor styret framlegg om at ein skal krevja at det blir lagt fysisk til rette for at ein framleis kan nytta sykkelen som framkomstmiddel på desse strekningane.

– Om busstransport skal nyttast, så skal dette vere eitt bredt tilbod på alle bussar og det skal vere kostnadsfritt for person med sykkel, heiter det i framlegget til vedtak.

Liknande initiativ er på gang i foreininga sine lokallag langs heile kysten. Omdal fortel at planen er å samla alle vedtaka og så senda dei til samferdsleministeren.

Omdal syner til forskrift etter Vegtrafikklovens paragraf 13, der det står at syklistane sin plass i trafikkbiletet skal avklarast ved all planlegging og utbygging av det offentlege vegnettet.

LES OGSÅ: Ønsker sykkelbro over Karmsundet

Artikkelen held fram under bildet

Ferje

Syklistane krev gode erstatningar når ferjene i Tau-sambandet og over Boknafjorden sluttar å gå.

Foto: Ingvild Bjorland / NRK

Etterlyser plan

– Er det utover dette laga ein overordna nasjonal plan for korleis syklistar skal takast omsyn til ved utbygging av undersjøiske tunnelar og ditto nedlegging av ferjesamband, spør Omdal.

Politikar Torfinn Ingeborgrud frå Miljøpartiet de Grønne har tidlegare teke til orde for at det må leggjast til rette for at syklistar kan bruka Rogfast og Ryfast. Han foreslo då eit eige løp for syklistane i tunnelen.

LES OGSÅ:– Rogfast saboterer for syklistene

Prosjektleiar for Rogfast, Tor Geir Espedal, var då skeptisk til framlegget. Han meinte det blir vanskeleg for syklistar å ferdast i ein så lang tunnel som Rogfast blir.

– Dersom ein må nytta buss, må difor det bli gratis for syklistane, meiner Omdal i Syklistenes Landsforening i Rogaland.