Hopp til innhold

Sykling blir farlegare med åra

Det er i alderen 55+ at sykkelulukkene aukar mest. Leif Kåre Kolnes (55) låg på sjukehus i ei veke, etter at han prøvde å unngå kollisjon med ein møtande syklist.

Leif Kåre Kolnes på Ullandhaug Stavanger, der han blei kraftig skadd i ei sykkelulukke

Krysset på Ullandhaug der sykkelulukka skjedde.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Leif Kåre Kolnes (55) sykla frå Stavanger sentrum til Forus. I ein nedoverbakke på Ullandhaug skrådde ein annan syklist over vegen, rett framføre han.

Leif Kåre Kolnes har ennå merke i ansiktet etter at han gjekk i bakken med eit smell

Leif Kåre Kolnes har ennå merke i ansiktet etter at han fall av sykkelen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Då han kasta seg på bremsene, låste hjula seg, og han fauk over rattet og landa i stien med nasen først.

– Eg var på sjukehuset ei veke og fekk operert inn fire plater i ansiktet. I tillegg fiksa dei eit brot i ryggen og opererte ein arm, fortel Kolnes.

Det har skjedd ei endring

Det er blant dei eldre, frå 55 år og oppover, at talet på sykkelulukker aukar mest her i landet. Det viser statistikken frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ennå er det fleire skader i aldersgruppa 35 til 54 år, men der er ulukkestala på veg ned.

For aldersgruppa 55 til 74 år, derimot, er tala på veg oppover.

Dei eldre er mest utsette

– Eg planla jobbsykkelruta mi då eg gjekk til jobben i dag, fortel regionleiar for Trygg Trafikk i Rogaland, Ingrid Lea Mæland.

Ingrid Lea Mæland, regionsleiar for Trygg Trafikk i Rogaland

Aldersgruppa 55 til 64 år, er mest utsett, seier regionsleiar for Trygg Trafikk i Rogaland, Ingrid Lea Mæland.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ho har blitt inspirert til å sykla til jobben, og er opptatt av korleis ho skal bli ein sikker syklist i 50-åra. Øving er viktig, for trafikkbildet er meir komplisert nå enn då ho sist sykla.

– Finn eit trygt område og øv deg før du set deg på sykkel eller elsykkel for første gong på lenge, er oppfordringa frå Lea Mæland.

Fleire eldre i trafikken

I Stavanger, som i resten av landet, har talet på syklistar auka kraftig dei seinare åra. Frå om lag 20.000 i mars 2017 til nærare 39.000 i mars i år.

– Det betyr fleire eldre syklistar på vegane, og me veit at både syn og reaksjonstid blir svekka med åra, seier Roar Børresen, leiar for sykkelsatsinga i Stavanger kommune.

Roar Børresen er leiar for Sykkelseksjonen i Stavanger kommune

Det er mange eldre syklistar som har fått seg elsykkel dei siste åra, seier leiar for sykkelsatsinga i Stavanger kommune, Roar Børresen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han opplyser at 11 prosent av innbyggjarane i Stavanger har kjøpt seg elsykkel, og han reknar med at mange av dei er over 50 år.

– Desto eldre du er, desto lengre er det kanskje sidan du sykla sist. Det betyr at eldre har litt meir å læra i trafikken enn dei yngre, seier Børresen.

Nokre kjem aldri over det

– Det var ikkje så mange elsyklar då eg krasja i 2014, minnest Leif Kåre Kolnes, og legg til:

– Det har sikkert kome mange fleire nå.

Men det veit han ikkje ved sjølvsyn. Kolnes har ikkje sykla etter ulukka.

Eg blei klar over kor stor kostnaden med sykling kan vera, seier Kolnes, og legg til:

– Men det må du ikkje seia, for det er viktig at folk syklar.