Hopp til innhold

På denne verkstaden fiksar dei både syklar og folk

I ein sykkelverkstad i Sandnes har dei teke inn tilsette som har slite med rus. Og det gir gode resultat for livet deira vidare.

Rune Skjæveland jobbar hos PaaHjul

Rune Skjæveland er ein av dei som jobbar hos Paahjul. For han har denne sjansen vore viktig.

Foto: Erik Waage / NRK

– Eg elskar å skru på syklar, og elskar å lære vekk det eg kan. Viss eg berre kunne fått stått med ein sykkel heile dagen så hadde eg vore nøgd, seier Tolleiv Torkelsen.

Han er ein av mekanikarane hos Paahjul, ein sykkelverkstad som gjer arbeidstrening til dei som tidlegare har hatt rusproblem.

– Det har betydd mykje å jobbe her. Eg har mange fine kollegaer, og har lært masse nyttig kunnskap som eg kan ta med vidare, seier Torkelsen.

– Det betyr alt

For dei som søker ny start etter å ha slutta med rus kan heilt kvardagslege ting vere vanskeleg å kome i gong med. Også slike ting hjelper dei med her.

Tilsette hos PaaHjul i Sandnes

Det er ein bratt læringskurve for dei tilsette hos Paahjul. Men nå kan dei mykje om syklar, og klarer å fikse det meste.

Foto: Erik Waage / NRK

Men det viktigaste er jobben dei kan stå opp til kvar morgon.

– Det betyr alt eigentleg. Det er jo dette alle menneske vil. Å føle at dei strekk til, seier Rune Skjæveland som også jobbar her.

Paahjul er drive av Kirkens Bymisjon, og er også eit samarbeid med selskapet HitecVision.

Dei tilsette her fiksar syklar, samstundes som Paahjul også fiksar dei tilsette, som dei ofte seier.

Ein meiningsfull arbeidskvardag der dei tilsette lærer å få tru på seg sjølv igjen, meiner dagleg leiar Thomas Stornes.

Over halvparten i jobb og skule

Og konseptet verkar, seier han.

Thomas Stornes og Roar Børresen

Dagleg leiar i Paahjul, Thomas Stornes, seier at viss dei har fokus på framtida så er det meir motiverande og kan føre til ei endring.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me har heldt på sidan 2013, og i desse dagar har me fått inn arbeidar nummer 100. Av desse har 55 gått vidare til skule, jobb eller med eit avklart og rusfritt forhold til Nav.

Stornes merker også kor glade dei tilsette er for at dei får jobbe.

– Når dei svarer «eg er på jobb» til folk på telefonen, så høyrer du stoltheit i stemma, og at dette har betydning.

Dei som kjem inn har slite med rus, og har som oftast fleire problem som dei tenkjer på. Dette blir første prioritet når ein kjem inn til Paahjul.

– Me er opptekne av å rydde alt som tek fokus den første tida, og så fokuserer me på jobb og syklar etter det. Det trur eg har stor betydning.

Verdi i å vere i arbeid

Ifølgje NHO vil ein person som kjem tilbake i jobb gje ein samfunnsøkonomisk gevinst på over 4,5 millionar kroner.

Hanne Bore NHO Rogaland

Hanne Bore i NHO Rogaland ser kor viktig arbeidsinkludering er, og kor mykje ein person som kjem tilbake i arbeidslivet er verd for samfunnet.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det er jo utrulege summar. Me sparar trygda til ein person, og det bidrar og til verdiskapinga gjennom at dei betaler skatt. Så har me jo det ein ikkje kan setje ein verdi på, og det er verdien av å vere i arbeid, seier Hanne Bore som er advokat i NHO Rogaland.

I Noreg er det mange arbeidsplassar som er gode på arbeidsinkludering, ifølgje Bore. Men det må gjerne kome fleire, meiner ho.

– Å ta ein ekstra runde for å sjå om fleire kan kome inn er veldig viktig. Det oppfordrar me folk til, for det er utruleg verdifullt å få fleire folk inn i arbeid.