Hopp til innhold

Kommunen vurderer å bytte fylke: Ber om 200.000 for å finne svaret

Sveio kommune vurderer å bytte fylke frå Vestland til Rogaland. For å finne ut om det er ein god idé, søkjer dei begge fylka om pengar til utgreiingsarbeidet.

Linn Therese Erve

Ap-ordførar Linn Therese Erve, vil ha 100.000 kroner frå både Vestland og Rogaland

Foto: Eli Bjelland / NRK

Tysdag føremiddag får fylkespolitikarane i Rogaland ei spesiell sak på bordet.

Sveio kommune søkjer om 100.000 kroner frå Rogaland fylke. Pengane skal brukast til å finne ut om kommunen skal fortsetje i Vestland fylke, eller om dei skal flytte over til Rogaland.

Sveio har også søkt Vestland fylke om same beløpet.

Sveio tilhøyrer i dag Vestland, men ligg på grensa til Rogaland

Ønskjer eit godt grunnlag

Sveio reknar med at dei må ut med frå 300–500.000 kroner for å finne ut om kommunen er best stilt ved å fortsetja i Vestland, eller om dei vil ha fleire fordelar ved å skifta til fylket i sør.

Ein del av desse pengane meiner Sveio at dei to aktuelle fylka bør ha interesse av å betala.

– Men me har eit kommunestyrevedtak på at me skal finne ut kva fylke som er best for Sveio, så me kjem til å gjera det uansett, seier ordførar Linn Therese Erve frå Ap.

Lite truleg at Rogaland blar opp

Det er Fylkesutvalet som tysdag skal avgjere om Rogaland fylkeskommune skal betala for Sveio si utgreiing.

Måndag kveld er signala tydlege på at det ikkje kjem til å skje.

Arne Bergsvåg

Arne Bergsvåg vil ikkje punga ut til Sveio si utgreiing.

Foto: Vindafjord Kommune

– Vår meining er at dette må løysast med ei arbeidsgruppe, der både Vestland og Rogaland er med, saman med Sveio, seier fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg frå Sp.

Bergsvåg har erfaring på området. Han var ordførar i Ølen, då den hordalandskommunen gjekk over i Rogaland og slo seg saman med Vindafjord, tidleg på 2000-talet.

– Rogaland har eit godt tilhøve til Vestland og det vil me gjerne fortsetja å ha, seier Bergsvåg, som ikkje trur at det ville blitt tatt godt opp, om dei hadde betalt for å lokka Sveio sine 5700 innbyggjarar over til Rogaland.

Sveio opptrer uavhengig

Det går alt føre seg møte i regi av Samarbeidsrådet for sunnhordlandskommunane, om kva fylke dei kommunane skal tilhøyra.

Sveio sitt arbeid blir ikkje påverka av det, seier ordførar Linn Therese Erve, som opplever at innbyggjarane i Sveio ønskjer ei utgreiing om kva fylke dei skal tilhøyre i framtida.

– Dei som bur her ser også at me blir trekte stadig meir sørover mot Haugalandet. Derfor tenkjer eg at det er ekstra viktig at me har eit godt grunnlag før me bestemmer oss, seier Erve.